Page 26 - Grønn Kunnskap 2020
P. 26

                 Storfe- og sauebonde Erlend Moberg
Næringsrikt matfat for firbeinte
Matproduksjon og biologisk mangfald er trua av intensiv bruk verda rundt. Norsk utmark er på si side trua på grunn av minkande beitebruk og ressursutnytting.
Foto: Kjersti Kildahl
 – Synd, seier storfe- og sauebonde Erlend Moberg. Han køyrer årleg dyra sine 15 mil frå heimegarden sør-vest for Bergen til sommarbeite ved foten
av Vikafjellet mellom Voss og Sognefjorden.
Bratte fjellsider ned mot ein grøderik dalbotn serve- rer sikringskost til drøvtyggjarar.
Mykje unytta beite
– 45 prosent av landarealet i Noreg reknar vi
er nyttande beite, seier beitekartleggjar Yngve Rekdal. Her finst fôr som er eigna for å gi tilvekst til beitedyr. Ti prosent er i beste beiteklasse.
Rekdal har leia kartlegginga av ressursgrunnlag og beitebruk landet rundt. Arbeidet er samanfatta
i rapporten Kjøtfe på utmarksbeite.
– Dei siste åra har det vore ei stor satsing på storfekjøt. Mange som startar med kjøtfe ser nytten av produksjonsgrunnlaget i utmarka, seier Rekdal.
Variert næringsgrunnlag
Natur og beitekvalitet vil variere med berggrunn, topografi og klima. Rik berggrunn gir store areal av
beste beiteklasse i Nordland, Troms og låglandsbyg- dene ved Oslofjorden. Fattig grunnfjell i Agder
gir skrinnare beite.
I fjord- og dalstroka på Vestlandet, i Trøndelag, Nordland og Troms, er sildrande skredsider ned mot næringsrike dalbotnar og strandflater typiske. Slik er beitet som møter Moberg sine kyr og kalvar. Rundt tre månader er dei i utmarka.
– Vi i næringa har pengar å tene på meir bruk av fôr frå utmarka, seier han. Økonomisk, fordi dyra
der lever på ein ‘gratis’ ressurs som ingen elles ville ha hausta, og helsemessig fordi dei mosjonerer og trivst når dei får vandre fritt.
– Ingen tvil om at det gjer dyra godt. Ofte blir eg overraska over kor mykje dei har lagt på seg.
Moberg legg til at slik beitebruk også er i takt med forbrukarane sitt ønskje om rein og kortreist mat frå dyr som har hatt gode liv.
 Føremål:
Finansiering: Samarbeidspart:
Kontakt:
Å talfeste fôrpotensialet i utmarka – med spesiell vekt på storfe. Ei deloppgåve i prosjektet
Bærekraftig storfeproduksjon basert på grovfôr.
Norges Forskningsråd NMBU
Seniorrådgjevar Yngve Rekdal. E-post: yngve.rekdal@nibio.no, mobil: 959 33 520. Divisjon for kart og statistikk
24





































































   24   25   26   27   28