Page 39 - Grønn Kunnskap 2020
P. 39

                 Fangvekstar og plantehakk gjev miljøgevinst
Fangvekstar og plantehakk i grønsaksproduksjonen kan vere med på å halde tilbake næringsstoff i jorda, forbetre jordstrukturen, dempe ugras og redusere klimagassutslepp.
Fordelane ved å dyrke fangvekstar er at dei er med på å hindre erosjon og næringsavrenning etter hausting, og dei konkurrerer ut ugras. Eit slikt plantedekkje tek dessutan opp næring og bind det
i jorda. Fangvekstar gjer at ein får stabilt fruktbare og berekraftige jordforhold. I tillegg kan fangvekstar ha ein klimaeffekt ved at den bidrar til auka karbon- binding, betre jordstruktur og meir organisk materiale i jorda.
– I forsøk på NIBIO Apelsvoll undersøker vi korleis vi kan etablere fangvekstar i eller etter en grønsaks- kultur, fortel Mette Thomsen. Vi ser også på val av fangvekstar, vi testar enkeltartar og korleis såtid påverkar veksten.
Såtidpunkt er viktig, sjølv om det er ulikhetar mellom artar og stadar.
Tidspunkt for såing avhenger av lokalitet og klima. I forsøka på Apelsvoll er såing seinast i midten av
august ein tommelfingerregel for å etablere fang­ vekstar. Men ulike artar konkurrerer ulikt mot ugras sidan det er ulikheiter i kor tett og raskt fang- vekstane vekser. Artane tilbakeheld også ulike næringsstoff. Til eksempel konkurrere honningurt og sikori veldig godt mot ugras, medan det er tendens til at rug held tilbake mest nitrogen.
Når det gjeld bruk av plantehakk har resultata vore svært gunstig med bruk av kuttet grønmasse frå ei gammaleng, som graskløverblanding i økologisk produksjon av purre.
Foreløpige resultat viser at plantehakk har svært god effekt mot ugras og kan gje rikeleg med næring til purre. Plantehakk ga betre vekst og høgare salbar avling enn purre gjødsla med kommersiell gjødsel.
I tillegg held plantehakk jorda frostfri, og kan forlenge hausteperioden til ut på vinteren.
Foto: Liv Birkeland
 Føremål: Samarbeid: Finansiering:
Kontakt:
Berekraftig grønsaksproduksjon.
Norsk Landbruksrådgiving
Grofondet og Kunnskapsutviklingsmidlar
Forskar Mette Thomsen. E-post: mette.thomsen@nibio.no, mobil: 406 22 631. Divisjon for matproduksjon og samfunn
 37
















































































   37   38   39   40   41