Page 44 - Grønn Kunnskap 2020
P. 44

                 Strandebarm, Hardanger
Ni fakta om norsk landbruk
I dag drikk vi 89 liter mjølk årleg – halvparten så mykje som for vel 30 år sidan. Vi et 18 kilo ost og 67 kilo kjøt. Det er 5 kilo meir ost, og nesten 20 kilo meir kjøt enn i 1988. Økologisk jordbruksareal går ned medan sal av økologisk mat aukar.
Foto: Kjersti Kildahl
 Slike tal finst i NIBIO sin årlege publikasjon Utsyn som gir overblikk over norsk landbruk.
Halvering av gardsbruk på 30 år: I 2018 var det 39 600 gardsbruk i Noreg, mot 99 400 i 1989. Samla produksjonsvolum held seg, trass i færre driftsei- ningar.
Større bruk: I 1999 hadde gjennomsnittsbruket 147 dekar jordbruksareal. I 2018: 249 dekar. Gjennomsnittsareal per bruk blir stadig større.
Leigejord er viktig: Omtrent 45 prosent av jordbruksarealet er leigejord. Større driftseiningar krev meir areal enn garden har sjølv og leigejord har fått auka betydning.
Mindre mjølkeforbruk: Talet på mjølkekyr gjekk ned frå 391 100 i 1980 til 217 500 i 2018. Redusert mjølkeforbruk og større yting per ku forklarer endringa.
Dobla kjøtkonsum på 40 år: Samla forbruk av storfe/kalv, sau/lam, svin og fjørfe var nær dobbelt av tidleg på 1980-talet med 370 000 tonn i 2017.
Kjøtforbruk og -produksjon har auka i fleire tiår, særleg på grunn av fjørfekjøt.
Lam/sau = svak økonomi: Talet på vinterfôra sau auka med 9 prosent frå 2014 til 2017, etter tiltak for å stimulere til auka produksjon. Overproduksjon og redusert lønsemd er noko av resultatet.
Importavhengig: Forbruk av frukt og bær var 86 kilo per innbyggjar i 2018. Norsk produksjon utgjorde ca. 30 kilo. Naturgitte vekstforhold avgrensar produksjon og gir importbehov.
Økologisk paradoks: Økologisk jordbruksareal gjekk ned 17 prosent frå 2012 til 2018. Sal av økologiske varer auka med åtte prosent frå 2017 til 2018. 4,2 prosent av norsk jordbruksareal var økologisk i 2018.
Skog, 1 % eig 1/3: Ca. 39 prosent av landarealet
i Noreg er skog. 1 200 av totalt 127 000 skogeigarar eig 1/3 av den produktive skogen. Kapitalinntekt- skjelde: Ca. 90 prosent av seld kvantum blir felt og kvista med hogstmaskin.
 Føremål: Finansiering:
Kontakt:
Å gi overblikk over norsk landbruk gjennom samanstilling av statistikk frå ulike kjelder Landbruks- og matdepartementet
Seniorrådgjevar Heidi Knutsen. E-post: heidi.knutsen@nibio.no, mobil: 907 64 531. Divisjon for kart og statistikk
 42














































































   42   43   44   45   46