Page 45 - Grønn Kunnskap 2024
P. 45

Foto: Erling Fløistad
Husdyrmøk er gull verdt
Bondens gull slepp ut klimagassar og forureinar vassdrag. Men det er òg resirkulering av
næringsstoff som allereie finst i landbruket og dermed sirkulærøkonomi i beste forstand.
Me må berre vita korleis me kan nytta ho best mogleg.
Husdyrgjødsel inneheld ei mengd med næringsstoff,
men ikkje all næringa er tilgjengeleg for plantene.
I mange tiår har det vorte forska på utnytting av
næringsstoff i møk. Likevel meiner forskarane vi
framleis treng enno meir kunnskap.
– Tilhøva endrar seg, og difor må me stadig oppdatera
kunnskapen. Gardane vert større. Mengda
tilførte næringsstoff på garden gjennom kraftfôr og
kunstgjødsel endrar seg. Klimaet endrar seg med
meir nedbør og mildare vintrar. I tillegg utviklar teknologien
seg stadig. Me får andre spreiemetodar og
måtar å behandla gjødsla på, som til dømes produksjon
av biogass, fortel forskar Åsmund Kvifte.
Nitrogen er i hovudsak det næringsstoffet det er viktigast
å gjødsla med for å få store avlingar. Omtrent
halvparten av nitrogenet i husdyrgjødsel er i uorganisk
form som er direkte tilgjengeleg for plantene.
Men det kan gå tapt som gass og forsvinna opp i
lufta. Tidleg spreiing kan minska tapa betydeleg. Det
same gjeld om ein sper ut gjødsla med vatn slik at ho
renn raskare ned i jorda, eller nyttar stripespreiar.
Spreiing i sol og vind aukar tapa.
Den andre halvparten av nitrogenet i husdyrgjødsla
er i organiske molekyl som sjeldan er direkte tilgjengeleg
for plantane. Dette nitrogenet kan byggja opp
eit lager i jorda, og plantane treng mikrobar som bryt
ned dei komplekse molekyla. Mikrobane vert meir
aktive ved høgare temperaturar og nok fukt i jorda.
For mykje vatn derimot hindrar frigjering og opptak
av næringsstoff.
– Jo betre me kan utnytta gjødsla, jo mindre kunstgjødsel
treng me og jo mindre nitrogen endar opp
som forureining i staden for som næring til plantene,
avsluttar Kvifte.
Føremål: Kontakt: Ei ny gjødselvareforskrift frå 2024 set strengare grensar for kor mykje husdyrgjødsel bonden kan
nytta kvart år. Med nye reglar treng me oppdatert kunnskap og nye måtar å handsama
husdyrgjødsla på.
Forskar Åsmund Mikalsen Kvifte, Divisjon for matproduksjon og samfunn.
E-post: asmund.kvifte@nibio.no | Telefon: 954 71 247
43






















































   43   44   45   46   47