Page 30 - Grønn Kunnskap 2020
P. 30

                 Grafikken viser fordelinga av landarealet i Noreg. Illustrasjonsfoto: NIBIO
Verktøy for planarbeid: Nytt arealbarometer
Statistikk og grafikk som viser arealressursane i kommunar og fylke er samla i det nett­ baserte arealbarometeret lansert i 2019. Det gir oversikt over produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk i Noreg.
 – Også bruken av jordbruksareala er vist i baromete- ret, fortel prosjektleiar Ingrid M. Tenge. Kor mykje areal som er i bruk til ulike vekster og husdyrhald er henta frå Landbruksdirektoratet sine søknader om tilskot.
Informasjon frå barometeret blir brukt i planarbeid, utgreiingar og politiske prosesser, og er dermed eit nyttig hjelpemiddel i samfunnsforvaltninga. Journa- listar og allmenta er også i målgruppa.
Ei viktig kjelde for barometeret er det detaljerte arealressurskartet AR5, eit nasjonalt kart over produksjonsgrunnlaget. Fjellområde som ikkje er kartlagde på AR5-nivå, er supplerte med informa- sjon frå det ‘grovare’ kartet AR50.
Barometeret dokumenterer også kvaliteten på jordbruksareala i kommunar som er jordsmonnkart- lagde. I tillegg er areal som kan dyrkast opp til
fulldyrka jord tatt med. Det er jord som potensielt kan bli matjord og som innfrir krav til klima og jordkvalitet for plantedyrking. Barometeret viser kor mykje som er dyrkbar jord og kva ho er i dag – eksempelvis skog, myr eller innmarksbeite.
Tala bak arealbarometeret er henta frå ulike tema- kart som NIBIO utarbeider og som ein finn i kart­ portalen Kilden. Ein kan klikke seg inn på karta via barometeret.
Det nye arealbarometeret er dynamisk og blir oppdatert automatisk når endringar skjer i data- basane som barometeret hentar informasjon frå.
Prosjektleiar Tenge er letta over at den tidlegare manuelle og arbeidskrevjande arbeidsmåten med å utarbeide arealbarometeret no har fått avløysing.
 Føremål: Finansiering: Kontakt:
Å samanstille statistikk frå ulike fagområde og kjelder for å gi samla oversikt over ressursgrunnlaget for jord- og skogbruk i Noreg.
Landbruks- og matdepartementet
Seniorrådgjevar Ingrid M. Tenge. E-post: ingrid.tenge@nibio.no, mobil: 901 04 465. Divisjon for kart og statistikk
 28



















































































   28   29   30   31   32