Page 35 - Grønn Kunnskap 2020
P. 35

                 Mjølkegeiter i Hattfjelldal, Nordland
Nordnorsk landbruk er beitedyr og mjølkekyr
Talet på landbruksføretak i Finnmark, Troms og Nordland går meir ned enn i resten av landet. Lønsemda held seg noko over landsgjennomsnittet.
Foto: Kjersti Kildahl
 Det går fram av NIBIO-rapporten Landbrukets verdiskaping i Nord-Noreg. Ein raud tråd for jordbruket i Nordland, Troms og Finnmark er beitebruk og mjølkeproduksjon.
Landbruksøkonom og prosjektleiar Heidi Knutsen stadfester:
– Mjølkeproduksjon utgjer mest av verdiskapinga rekna som bruttoprodukt. Likevel har sauehald størst sysselsettingseffekt. Det betyr at sauehald bidrar prosentvis til ein større del av total sysselset- ting enn til samla verdiskaping.
Grasbasert jordbruk
Anten ein måler verdiskaping eller sysselsetting, er mjølkeproduksjon og sauehald dei viktigaste produksjonane i regionen. I Nordland, Troms og Finnmark utgjer mjølkeproduksjon høvesvis 58, 57 og 78 prosent av samla verdiskaping. Da er både ku og geit med.
Planteproduksjon utgjer ein liten del av total verdiskaping i dei tre fylka. Det same gjeld skogbruk.
– Enkelt sagt er grovfôr, eller gras, basis for jord- bruket og husdyrhaldet i Nord-Noreg. Verdiskapinga reflekterer dette, forklarer Knutsen.
Gjennomsnittsinntekt for bonden i Nord-Noreg var i 2018 kr 315 100 per årsverk. Landsgjennomsnittet var kr 287 500. Forskjellen forklarer Knutsen ved at tørkesommaren 2018 ikkje slo like dramatisk ut
i nord som lenger sør i landet.
Frå 2009 til 2018 gjekk talet på jordbruksverksem- der i Noreg ned med 18 prosent. I Nordland, Troms og Finnmark var tala 24, 27 og 21 prosent i same periode. Areal per foretak auka. Finnmark har størst areal med 320 dekar per bruk. Landsgjennomsnittet er på 249 dekar.
Må kunne dokumentere
– Skal ein hevde at landbruket er viktig, må ein kunne dokumentere kvifor. Rapporten er verdfull for planlegging og forvalting, sa Liv-Edel Berg, senior- rådgjevar for landbruk hos Statsforvalteren i Troms og Finnmark, ved overlevering av rapporten.
 Føremål:
Samarbeid: Finansiering:
Kontakt:
Å greie ut og dokumentere Verdiskaping og sysselsetting i landbruk og landbruksbasert industri i Nord-Norge.
Østlandsforskning ved Høgskolen i Innlandet
Nordnorsk landbruksråd
Seniorrådgjevar Heidi Knutsen. E-post: heidi.knutsen@nibio.no, mobil: 907 64 531. Divisjon for kart og statistikk
 33











































































   33   34   35   36   37