Page 28 - Grønn Kunnskap 2021
P. 28

 Beitestatistikken blir brukt som grunnlag for planlegging, sakshandsaming og utgreiingar innan statsforvaltning, kommunar og beitenæringa. Når tala finst på nettet, er dei mykje enklare å få tak i – for alle.
Typiske oppgåver der tala er viktige, er ved vurdering av søknadar, tilskot for tiltak i beiteområde eller for utarbeiding av kommunale beiteplanar. Også som dokumentasjon for tap av sau og generell oppfølging av bestandsmåla for rovdyr er statistikken nyttig.
Kor mange sau som er på utmarksbeite i eit område fortel elles noko om verdien av areala gjennom korleis bruken endrar seg. Slik informa- sjon er verdfull til dømes ved spørsmål om areal- bruk.
Kring 75 prosent av all sau sleppt i norsk utmark er inkludert i beitestatistikken. Årleg blir rundt
1,5 millionar sau registrerte. Statistikken viser kor sauane er sleppte og korleis dyretalet endrar seg over tid.
Tal frå beitelaga sine årsrapportar til Landbruks- direktoratet utgjer stamma i beitestatistikken. Laga melder årleg inn kor mange sauer og lam dei har sleppt og sanka det året.
Frå 1981 til i dag er det blitt eit omfattande statistisk materiale. Totalt er rundt 61 400 000 sauer og lam registrerte inn i det samla datagrunnlaget.
Arkiva til Norsk Sau og Geit har vore viktige for å sikre dei eldste årgangane av materialet. Mykje er blitt overført manuelt frå eldre papirutskrifter.
I nyare tid blir beitestatistikken elektronisk opp- datert med dei årlege tala Landbruksdirektoratet mottar via stønadsordninga Organisert beitebruk som direktoratet forvaltar.
Foto: Kjersti Kildahl
 Beitestatistikk for sau i utmark er samla
Frå 2021 er statistikk frå Organisert beitebruk for kor mange sauer som årleg blir sleppte og sanka i utmarka å finna på nibio.no. Tala går 40 år tilbake i tid og er sorterte på kommunar og fylke.
 Føremål: Finansiering:
Kontakt:
Å forenkle tilgangen til tal om sau sleppt og tapt på utmarksbeite. Landbruks- og matdepartementet
Senioringeniør Michael Angeloff. E-post: michael.angeloff@nibio.no, mobil: 975 38 594. Divisjon for kart og statistikk
 26


















































































   26   27   28   29   30