Page 31 - Grønn Kunnskap 2021
P. 31

 Foto: Erling Fløistad
Kartdatamix gir ny kunnskap om nedbygd jord
Med eit tydeleg og innskjerpa jordvernmål aukar behovet for gode tal på kor mykje dyrka jord som faktisk vert bygd ned kvart år.
 Gjennom det nasjonale rapporteringssystemet KOSTRA melder kommunane årleg inn kor mykje jordbruksareal som er vedtatt omdisponert. Desse tala samsvarar ikkje alltid med kor mykje som
i realiteten blir bygd ned.
Kor mykje matjord som faktisk blir nedbygd årleg, er vanskeleg å få eksakte tal på. Det er bakgrunnen for at NIBIO har testa ut ein metode som vil gi eit estimat på kva som er bygd ned siste år. Modellen tar utgangspunkt i utvalde kartkjelder. Via lag-på-lag med data frå desse kjeldene, reknar han ut:
• Kor mykje areal som er nedbygd siste år,
• kva areala er brukte til og
• konsekvensar for matproduksjonen.
Det er eit mål å byggje ned minst mogleg matjord.
I gjeldande jordvernstrategi har Stortinget fastsett at årleg omdisponering av dyrka jord skal vere under
3 000 dekar. Ifølgje SSB vart 3 900 dekar dyrka jord omdisponert i 2020. I tillegg vart 6 500 dekar dyrkbar jord vedtatt omdisponert.
Etterslep er ein del av forklaringa
Statistikken frå KOSTRA byggjer på tala for vedtatt omdisponert jordbruksareal. Det kan ta fleire år frå dyrka jord er meldt omdisponert, til utbygginga startar. Derfor er det ofte forskjell mellom tal for omdisponert og faktisk nedbygd jordbruksareal.
Undersøkingar frå SSB viser at tala for nedbygging av dyrka mark i perioden 2016–2019 er høgare enn det som er meldt inn gjennom KOSTRA. Sannsynleg- vis kan forskjellane forklarast dels med etterslep frå planlagt omdisponering til nedbygging skjer, og dels med nedbygging som ikkje er rapportert.
Arbeidet som NIBIO har gjennomført på bestilling frå Landbruks- og matdepartementet, tar sikte på å vise kva som faktisk er bygd ned siste år, og vil vere eit nyttig supplement til KOSTRA-tala.
Dei sentrale kartkjeldene i NIBIO sin målemetode er arealressurskartet AR5, som viser eksisterande jordbruksareal, bygningspunkt i eigedomsmatrikke- len og Nasjonal vegdatabank.
 Føremål: Finansiering: Kontakt:
Å få ei samla oversikt over kor mykje matjord som faktisk bli bygd ned, kvar dette skjer og kva konsekvensar det har for matproduksjon.
Landbruks- og matdepartementet
Senioringeniør Kjetil Fadnes. E-post: kjetil.fadnes@nibio.no, mobil: 906 01 894. Divisjon for kart og statistikk
 29













































































   29   30   31   32   33