Page 12 - Grønn Kunnskap 2024
P. 12

Foto: Silje Kvist Simonsen
Resistent sopp truar helse og matproduksjon
Forskarar er bekymra for spreiing av soppmiddelresistent sopp. NIBIO og
Veterinærinstituttet samarbeider for å auke kunnskapen om resistens i Noreg.
Sopp kan forårsake sjukdom hos menneske, dyr og
planter. Årleg døyr 1,5 millionar menneske av soppinfeksjonar,
og soppangrep i matplanter truar matproduksjonen.
Azoler er ei viktig gruppe kjemikalie
brukt i medisinar og plantevern, men hyppig bruk av
desse kan føre til resistens i soppen.
Verdas helseorganisasjon har vald ut soppen
­ Aspergillus fumigatus som ein sopp som kan utgjere
ein helsemessig trussel framover. Den finst overalt
i miljøet, men er ikkje farleg for friske folk. For personar
med svekka immunsystem kan den gi infeksjonar
som må behandlast, då oftast med azoler.
Azolresistent A. fumigatus er eit aukande globalt
problem, men situasjonen i Noreg er lite kjend.
I prosjeket NavAzole samarbeider Veterinærinstituttet
med NIBIO for å forstå utviklinga av azolresistens
i Noreg. Mellom anna kan kornåkrar være «hotspots»
for resistensutvikling, forklarer NIBIO-forskar
Andrea Ficke.
– A. fumigatus lev i jorda, og kan bli utsett for azoler
gjennom plantevernmiddel. Vi vil undersøke om vi
finn resistent A. fumigatus i kornåkrar som blir
sprøyta med azolbaserte middel, og om det finst ein
samanheng mellom utviklinga av resistens i plantepatogene
sopp og i A. fumigatus.
Problemet med azolresistens er framleis lite i Noreg,
men førebygging er viktig for å unngå at resistensen
får fotfeste.
– Vi må forstå omfanget av problemet i Noreg, og
iverksette tiltak som kan redusere resistensutviklinga.
Bruken av integrert plantevern speler ei viktig
rolle ved å redusere unødig bruk av soppmiddel,
konkluderer Ficke.
Formål: NavAzole har som mål å kartleggje og forstå utviklinga av azolresistens i Noreg.
Samarbeid: Veterinærinstituttet (prosjektleiar) og fleire nasjonale partnarar
Finansiering: Norges forskningsråd
Kontaktperson: Forskar Andrea Ficke, Divisjon for bioteknologi og plantehelse.
E-post: andrea.ficke@nibio.no | Telefon: 924 31 557
10
























































   10   11   12   13   14