Page 23 - Grønn Kunnskap 2024
P. 23

Foto: Marit Skuterud Vennatrø
Jorddamping mot skadegjerar i potet
Forskarar frå NIBIO har funne ut at varmebehandling med damp effektivt drep gul
potetcystenematode frå infisert jord.
All jord som skal flyttast i ulike prosjekt, må være fri
for planteskadegjerarar. Ein av skadegjerarane som
finst i Noreg er gul potetcystenematode (PCN). Den
angrip røtene til potetplanter, har eit betydeleg spreiingspotensial
og er vanskeleg å bekjempe. Forskarar
ved NIBIO har undersøkt korleis jorddamping kan
drepe nematoden.
– Det finst kommersielt tilgjengeleg teknologi for
jordreinsing, og vi har testa SoilSaver frå SoilSteam.
Her blir jorda sterilisert i varm damp, fortel forskar
Marit Skuterud Vennatrø.
– Både i forsøk med SoilSaver og i forsøk under meir
kontrollerte forhold har vi observert at gul PCN døyr
når han blir utsett for damp med høg temperatur
over tid.
Metoden fungerer godt, men SoilSaver er ein stasjonær
maskin og kan ikkje brukast på allereie infiserte
åkrar. Maskinen er meint brukt på utgraven jord der
det er påvist uønskte planteskadegjerarar, slik at
jorda kan brukast på nytt.
NIBIO-forskar Erik Joner undersøkte jordhelsa etter
forsøka med damping. Sjølv om prosessen drep
nytte­ organismane i jorda forklarer han at jorda kan
gjenopplivast med innblanding av anna jord eller
kompost. Jorddampinga gir ingen opplagde kjemiske
effektar, men dampinga kan føre til at jorda taper
noko struktur og blir pakka.
Formål: Samarbeid: Finansiering: Å undersøke om potetcystenematode (PCN) overlever etter behandling med vassdamp i SoilSaver.
SoilSteam Internation AS, Toten Løkpakkeri, Larvik løk, Lindum, Norges miljø- og biovitenskapelige
universitet NMBU, Statens Vegvesen og Norsk Landbruksrådgiving
Arbeidet har vore ein del av prosjektet RessursRetur, eit IPN-prosjekt eigd av SoilSteam
Kontaktperson: Forskar Marit Skuterud Vennatrø, Divisjon for bioteknologi og plantehelse.
E-post: marit.vennatro@nibio.no | Telefon: 918 16 986
21





























































   21   22   23   24   25