Page 25 - Grønn Kunnskap 2024
P. 25
Foto: Erling Fløistad
Ikkje lett å bli klok på sjølvforsyning
Kvart år publiserer NIBIO tal som seier noko om kor sjølvforsynt Noreg er med mat.
Sjølvforsyninga har lege på mellom 40 og 50 prosent sidan 1953, og i 2023 var talet
47 prosent. Men reknestykket kan settast opp på ulike vis.
Skal ein taka omsyn til import av fôr, utanlandske
maskinar og arbeidskraft? Skal ein rekna i kilo,
kaloriar eller protein? Og kva med fisken me
eksporterer?
Mads Svennerud, seniorrådgjevar i NIBIO, forklarer
at NIBIO søkjer å oppretthalde dei same metodane
og føresetnadene som blei brukt heilt tilbake til
byrjinga på 1900 talet.
– Me reknar ut engrosforbruk slik, forklarer han.
Produksjon + Import – Eksport = Forbruk.
– Tala vert oppgjevne i kilo og energi, noko som gjev
skilnad for frukt og grønt. Reknar ein i kilo, utgjorde
frukt og grønt ein fjerdedel av det me åt i 2023.
Reknar ein i energi vart det berre 5 prosent. Me er
ganske sjølvforsynte med produkt frå husdyrhald,
mindre med korn og grønt.
I Hurdalsplattforma frå 2021 har regjeringa eit mål
om 50 prosent sjølvforsyning, korrigert for import av
fôrråvarer. At talet skal korrigerast for import av fôr,
er nytt. Svennerud understrekar at Noreg òg importerer
andre ting, som arbeidskraft og maskinar.
Sjølvforsyningsmålet seier ikkje om ein skal måla i
energi, kilo eller noko anna. Ein kunne nytta andre
måleeiningar. Til dømes er protein og vitamin særs
viktige for folkehelsa.
Sjølvforsyningsgraden syner kor mykje av engrosforbruket
av matvarer som kjem frå norsk produksjon
slik folks matvanar er i dag, men me har fleire
omgrep. Dekningsgraden syner kor mykje matenergi
me ville hatt om maten som me eksporterer vart
nytta i Noreg. Det gjeld fyrst og fremst fisk. Sjølvforsyningsevna
tek i tillegg omsyn til moglegheita for å
leggja om kosthaldet til meir plantebasert. Mykje
korn som no vert nytta til dyrefôr, kunne ha vorte
nytta til menneskjeføde.
Formål: Finansiering: Kontakt: Med ein stadig meir anspent geopolitisk situasjon og auka fare for ekstremvêr og katastrofer blir
matberedskap stadig viktigare. NIBIO syrgjar for at Noreg har oversikt over sjølvforsyningsgraden av
mat ut frå ulike føresetnader.
Helsedirektoratet og Landbruks- og matdepartementet (Kunnskapsutviklingsmidler)
Seniorrådgivar Mads Svennerud, Divisjon for kart og statistikk.
E-post: mads.svennerud@nibio.no | Telefon: 941 46 197
23