Page 37 - Ryggstøtten 2/2023
P. 37

   PETIT Kathrine Vadøy
 Bevegelsesangst ”kan du prøve sjølv!
   Ny behandlar. Nye moglegheiter.
Eg ruller meg sidelengs ut av taxien. Letta – Er det mange som er redde, ja? Og har bevegelse- merkjer eg at eg allereie er ved inngangspartiet sangst? Eg vrei meg i stolen. Beit tennene endå meir
til klinikken. Eg ser kjapt på døra. Ingen teikn til saman. Opna munnen igjen i eit gisp då eg kjende at
at den er av den lette sorten. Sota glas med kjeven vart endå meir overspent og vond. Men eg valte å
stålkant rundt. Automatisk døropnår finn eg heller ikkje. bite dei saman igjen. Det verka i kjeven. Det fekk berre så vere. Det hjelp ikkje å bli sint. Ikkje hjelp det å sei kva ein
Eg tar tak i dørhandtaket. Gir hjernen kjapt beskjed om å meiner heller. Det er best å berre bite det i seg, bokstave- slå på kjernemuskulaturen og drar til. Det riv i korsryggen. leg talt. For no måtte eg ha hjelp.
Eg strammar musklane meir og drar alt eg kan. Smerten
skyt opp i bekkenet og ned i beina. Eg hiv etter pusten i – Viss eg skal finne ut om nervane dine er i klem og om det eg høyrer døra slå igjen bak meg. Letta merkjer eg at det gjer vondt så må vi ta eit par testar.
   høgrebeinet har reagert på beskjeden om å bli med over dørkarmen. Blikket mitt går innover ein lang, smal og kvit gang. Dei bildelause veggane, gjer at det virker meir som eit venterom på gamle sjukehus.
Eg festar blikket på dei svarte tomme plastikkstolane som står langs veggen. Heilt klart lette å halde reine. Eit mareritt å sitte på. Behandlingsromma ligg på rekke og rad.
Eg snur meg og ser ein høg, mørk og som så ofte veltrent behandlar. Eg smiler. Han nikkar anerkjennande og opnar døra til kontoret. Kontoret minner om venterommet, men i hjørnet står ei lita grøn plante. Eg sig sakte ned på den halvpolstra grå stolen ved sidan av skrivebordet.
– Kva er det du er redd for? Vi ser ofte at dei som kjem til oss har bevegelsesangst.
Behandlaren hadde akkurat fått nok info til å forstå at eg hadde verken planar om å bøye meg framover for å prøve å nå tærne, eller bøye meg bakover for at han skulle få undersøkje om eg kunne klare det.
Eg var allereie på runde to med å telje ned frå ti – medan eg tok lange innpust og utpust. Banneorda som stadig poppa opp i hovudet, sorterte eg flitteg ut etter beste evne. Så kom orda «redd» og «bevegelsesangst». Det var som å setje kokeplata i hovudet mitt på boost i staden for på vanleg full guffe, og viss du ikkje er rask nok med å få mjølka vekk frå kokeplata, blir det eit skikkeleg søl.
Ja, klart vi må ta testar! Det er eg jo så SMERTELEG klar over. Det kokte. Hjernen sto i fyr. Kaldsvetten var allereie observerbar. For MR-bilete og røntgen-bilete treng ikkje sei noko om smerter. Det viser jo forsking! Det kan vere at bileta viser at ryggsøyla mi har glidd, at virvelen er ute av posisjon og har pressa skiva godt opp i nervane mine så dei ligg fint i klem, men at eg likevel ikkje har vondt. Sjølvsagt kan det hende at eg ikkje har vondt!
Og eg har prøvd mykje for å sleppe dei fysiske testane. Eg har prøvd bedande tårevåte auge. Eg har prøvd forklaringsmodellen. Forklart at viss behandlaren gjer A så skjer B – B betyr sengeliggande to veker i smerter.
Eg har prøvd den intellektuelle. Den som brukar like mange fagutrykk som legar seg imellom. Eg har også prøvd frys. Eg har t.o.m prøvd å forlate kroppen berre for den lille stunda. Men denne gongen så gjekk eg for sta, bestemt, kjem ikkje på tale at eg skal bøye meg for at du skal få sjå kor vondt eg kan få. Eg gidd ikkje fjorten dagar med meir smerte. Det kan du prøve sjølv!
Ja, eg veit det. Eg skulle tatt sopelimen fram for lenge sidan. Flydd ut døra før eg gjekk i fight-versjonen av meg sjølv. Eg kunne jo heller berre flydd vekk i staden for å gå i krigen. Kva i alle dagar skulle det vere godt for å gå til krig mot nokon som•ville hjelpe meg? Det er vel ingen som har lyst at du skal vinne viss du går til krig mot dei? Det var den hjelpa.
                                                                                                                              Ryggstøtten 02 | 2023 37














































































   35   36   37   38   39