Page 11 - Forskningsetikk 1-2021
P. 11

 Datatilsynet seier tydeleg at bruk som inneber overføring av personopplysingar til leverandørar i USA,
er ulovleg.
Agnethe Eva Sidselrud
Agnethe Eva Sidselrud koordinerer ei arbeids­ gruppe som skal prøve å finne løysingar for forskings- og utdanningssektoren.
Foto: Matija Puzar
Kva bør institusjonar gjere?
1. Få oversikt
Skaff oversikt over kva digitale tenester de nyttar, og om nokon av dei inneheld personopplysningar som blir overførte til USA. Ver obs på at éin databehandlar kan bruke ein annan underdatabehandlar, som held til i USA.
2. Undersøk overføringsgrunnlaget
Viss nokon av tenestene i verksemda sender data til USA, må de vurdere kva overføringsgrunnlag i GDPR som er nytta. Dette må vere gyldig, og eit tilstrekkeleg vern av dataa må sikrast.
Ein del verksemder kan nytte EUs standardkontraktar, så sant det blir innført ytterlegare tiltak som sikrar persondataa eit vern på EU/EØS­nivå. Det europeiske personvernrådet (EDPB) jobbar med å utgreie kva slike ytterlegare tiltak kan innebere for at kontraktane skal gjelde i USA.
3. Vent med å inngå nye avtalar
Det kan vere lurt å vente på ny informasjon før du inngår nye avtalar som medfører overføring av person- data til land utanfor EU/EØS, spesielt USA.
Kjelde: Uninett.no: «Privacy Shield-avtalen mellom USA og EU/EØS er opphevet – hva nå?»
  Ifølgje seksjonssjefen er det krevjande på få veker å kartleggje kva verktøy alle forskarar i hele sektoren bruker. Noko lettare er det å få oversikt over den administrative delen av institusjonane.
Etter at arbeidsgruppa har skaffa seg ei oversikt over kva system som er omfatta av GDPR og Schrems II­dommen, skal dei vurdere om det finst tiltak som kan setjast i verk.
Det er ei stor utfordring at forskings­ sektoren, til liks med andre sektorar, har gjort seg avhengig av verktøy utvikla i USA, påpeikar ho.
– Det vil vere svært inngripande for vitskapleg tilsette å stanse bruken av alle slike verktøy. Samtidig seier Datatilsynet, som handhevar dette regelverket, tydeleg at bruk som inneber overføring av personopplysingar til leverandørar i USA, er ulovleg.
Kan ikkje vente
Då sektoren var i ein liknande situasjon tidlegare, i samband med den første Schrems­dommen, forhandla EU fram ein avtale med landa utanfor om korleis personopplysningar kunne vernast. Sidselrud håper at det same vil skje no.
– Men å forhandle fram dette vil ta tid. Vi er altså i ein frykteleg vanskeleg situasjon. Vi kan ikkje sitje og vente.
Sidselrud seier at arbeidsgruppa skal levere resultata sine før sommaren.
– Men i Europa må vi også spørje oss kva veg vi går. Gjer vi oss heilt avhengige av dei store amerikanske selskapa? Kanskje bør vi gå i retning av å utvikle våre eigne verktøy?
Fryktar kreative løysingar
I tillegg til at kunnskapsproduksjonen kan bli dårlegare, fryktar Øyvind Straume i NSD at forskarar vil begynne å leite etter kreative løysingar.
– I forskingssektoren er det ein egalitær, autonom kultur. Viss verksemda ikkje klarer å hjelpe, eller viss retningslin­ jene blir for strenge, vil forskarar kanskje gå sine eigne vegar. Kanskje vil nokon nytte sin private konto til å dele data i tilfelle der institusjonen ikkje tillèt det, seier han.
Giske Ursin fryktar det same:
– Eg blir heilt sveitt ved tanken. Vi kan ikkje gjere det slik at vi tvingar forskarar til å finne kreative løysingar som ikkje er trygge for europeiske borgarar. På vårt felt risikerer vi for eksempel at nokon vel å kalle data anonyme sjølv om dei eigentleg ikkje er det.
Eigen infrastruktur
Giske Ursin trur at europeiske institusjonar framover i større grad vil analysere data sjølve. Slik innretta Kreftregisteret seg nyleg i eit nytt prosjekt.
– Det er ein fin modell, men på ein del
felt er det forferdeleg vanskeleg å få det til. Ho viser mellom anna til at mange
ønskjer å nytte skytenesteløysingar, fordi medisinsk forsking ofte krev enorme data­ sett. Men etter dei nye retningslinjene kan ikkje data leggjast på skytenester frå USA.
Fordi samarbeidet mellom USA og Europa har blitt så krevjande, fryktar Ursin at forskingspartnarar i USA vil sjå seg om etter andre verdsdelar å samarbeide med.
– I Europa risikerer vi då at nye forskingsresultat ikkje vil gjelde for europearar. Vi har ein annan livsstil, andre risikofaktorar og til dels andre genar. Eg er redd at dette til sjuande og sist vil gå ut over oss sjølve.
  FORSKNINGSETIKK | NR. 1 | 2021 11































































   9   10   11   12   13