Page 15 - Forskningsetikk 2-2020
P. 15

 I 2015 kravde demonstrantar ei løysing på luftforureininga i Utah i USA. Foto: Shutterstock.
 derimot ikkje er godt nok skildra, kan det oppstå rom for feil. Det finst mange datasett der ute som er arkivert feil fordi nokon har gjort ein jobb dei ikkje har ekspertise på.
Nyansane forsvinn
I Noreg og Europa er det altså sjølve datahandteringa som skapar hovudbry, på grunn av manglande ressursar, datasystem og kompetanse. Situasjonen ved EPA er vanskeleg av andre grunnar, meiner Pfeil.
– Det ser ikkje ut som om målet er å styrkje myndigheita til EPA. Det ameri- kanske politiske systemet er komplekst, men mykje går i motsett retning av kva vi ønskjer globalt, og kva forskarane ønskjer, så det er ein vanskeleg situasjon.
I USA gjer Andrew Rosenberg og UCS sitt beste for å motarbeide den komande EPA-regelen om datapublisering
Samstundes er det viktig at forskarar gjer data og andre forskingsresultat tilgjengelege
så sant det er mogleg, meiner han.
– Eg har vore borti forskarar som
tviheld på data fordi dei reknar dei som sin personlege eigedom, og det gagnar ingen. Så vitskapskulturen må også endre seg. Vi lyt tenkje skikkeleg over slike spørsmål. Kva kan eg dele med andre, og korleis kan eg gjere det? Trengst det av konkurranseomsyn ein eksklusivitets- periode?
Det vil vere ulikt frå fagfelt til fagfelt, og det er litt for enkelt å seie at alle data som er samla inn med offentlege midlar, skal gjerast offentlege med ein gong. Noko av problemet, meiner han, er at desse nyansane har det med å forsvinne i den offentlege debatten.
– Men det ein absolutt må unngå, er å setje opp kunstige sperrer, som det å seie at ein studie er ubrukeleg dersom han ikkje passerer ein politisk lakmustest, seier Rosenberg.
 FORSKNINGSETIKK | NR. 2 | 2020 15
Strengthening Transparency in Regulatory Science
• Ein regel som er under utarbeiding ved Environmental Protection Agency (EPA) i USA.
• Regelen seier at når EPA set i verk regulerande tiltak med basis i forsking, skal ein syte for at alle data og modellar som forskinga byggjer på, er offentleg tilgjengelege.
• EPA-direktøren skal ha myndigheit til å gjere unnatak frå regelen etter eige skjønn.
• Forslaget har hausta sterk motstand frå forskarar, mellom anna fordi det vil føre til at viktig epidemiologisk forsking ikkje kan brukast som grunnlag for regulering.

















































































   13   14   15   16   17