Page 14 - Forskningsetikk 2-2020
P. 14

  Spel for galleriet
Så korleis kan ein skilje den legitime debatten om openheit og pålitelegheit
i forsking frå den illegitime? I ein kommentar i tidsskriftet Nature introdu- serte Lewandowsky, saman med kollegaen Dorothy Bishop, nokre faresignal som forskarar bør vere på vakt mot: Går nokon hardt ut offentleg og etterlyser datasett som kanskje allereie er gjort tilgjengelege, eller datasett som av personvernomsyn openbert ikkje kan gjerast offentlege? Då er dei truleg ikkje ute etter ein konstruktiv debatt.
– Det er vanskeleg, for slike føre- spurnader kan på overflata høyrast fornuftige ut, men i røynda er det eit spel for galleriet, seier Lewandowsky.
Han trur det er viktig å diskutere dette i forskingsmiljøa fordi ikkje alle er klar over at slikt kan skje. Jobbar ein innanfor eit forskingsfelt som ikkje er spesielt knytt til politiske kontroversar, kjem ein kanskje aldri ut for problemet.
– Men eg har kjensla av at den akade- miske debatten om pålitelegheit, open forsking og datadeling er meir nyansert enn for nokre år sidan. Det brukte å vere slik at dei varmaste tilhengjarane av open tilgang til forsking var kompromisslause i ønsket sitt om å leggje alt ope. Slik er det ikkje lenger, meiner han.
Gjev nesten alltid innsyn
Robin Ørnsrud, som er forskingssjef ved seksjon for trygt fôr ved Havforskings- instituttet i Bergen, får jamleg innsynskrav frå journalistar og andre. Det er ein naturleg konsekvens av at instituttet forskar på spørsmål som mange er opptekne av. Havforskingsinstituttet er kunnskapsleverandør for forvaltinga, og dei gjev i utgangspunktet fullt innsyn når nokon stiller spørsmål.
– Det kan vere visse unnatak, til dømes for data vi ikkje eig sjølve, men mitt personlege synspunkt er at alt vi gjer, skal tole kritisk gjennomgang, elles gjer vi ikkje jobben vår. Samtidig veit vi at vi risikerer negativ omtale, og det kan bli ei personleg belasting, seier han.
Likevel er det sjeldan at kritikk rettar seg mot sjølve forskinga. Han opplever at forskinga godt toler kritisk søkjelys – sjølv om det kan ta mykje tid å svare på detaljerte spørsmål om tal og figurar. Det er når forskarane sin habilitet blir dregen i tvil, at
Robin Ørnsrud ved Havforskingsinstituttet får jamleg innsynskrav frå journalistar og andre. Foto: Paul S. Amundsen / Havforskingsinstituttet.
det blir vanskeleg.
– Då blir ein utfordra på identitetsnivå.
Når ein blir utfordra på habilitet, kjem det gjerne påstandar om at ein representerer nokon andre enn ein seier at ein gjer, og då er det berre ein sjølv som sit med fasiten. Noko vi har lært etter kvart, er at vi alltid må kunne leggje fram utførlege habilitetserklæringar, det held til dømes ikkje å oppgje finansieringskjelder éin gong og tru at det er nok.
For eigen del meiner Ørnsrud at institusjonen er flink til å støtte forskarar som får kritisk søkjelys mot seg.
– Vi unngår ikkje ubehagelege spørsmål, men ein står ikkje åleine. I tillegg har vi ei kommunikasjonsavdeling som støttar oss ved å setje ting i kontekst og hjelpe oss å forstå kva ein står overfor, og kva slags spelereglar som gjeld, seier han.
Datadeling er komplisert
Benjamin Pfeil er leiar for klimadatasenteret til Bjerknessenteret for klimaforskning i Bergen. Han hugsar godt oppstyret då hackarar i 2009 skaffa seg tilgang til tusenvis av e-postar og andre dokument ved klimaforskingssenteret ved University of East Anglia, som han samarbeider mykje med. Dokumenta vart offentleg- gjorde og utløyste det som vart kalla Climategate.
Forskarane vart mellom anna skulda
Datadeling slik krava er no, er vanskeleg og tidkrevjande, meiner Benjamin Pfeil ved Bjerknessenteret. Foto: Jens Ådnanes / UiB.
for å fuske med klimadata. I ettertid er forskarane frikjende frå alle skuldingar om forskingsfusk.
– Den saka var eit jordskjelv i klima- forskingsmiljøet, men i Noreg har eg ikkje opplevd noko tilsvarande. Det finst dei som er skeptiske til ideen om menneske- skapte klimaendringar, men dersom vi gjer data tilgjengelege, aukar det synleg- heita og tilliten, seier han.
Datadeling er stadig oftare eit krav frå dei organisasjonane som deler ut pengar til forsking. Det norske Forskingsrådet har ein politikk for open tilgang til forskings- data, og datadeling er ein del av den overordna politikken for open forsking, som vart lansert i januar i år.
Problemet i Noreg er snarare at datadeling slik krava er no, er vanskeleg og tidkrevjande, og at ingen har ansvar for å sjå til at krava blir følgde. Det er heller ingen som har ansvar for å stille opp med ressursane som trengst for å gjere det skikkeleg, meiner Pfeil.
– Før kunne forskarar vere uvillige til å dele data av frykt for at dei kunne bli feiltolka, og det kan jo skje, men den risikoen har du også med vitskaplege artiklar. Du veit aldri korleis dei vil bli lesne, seier han.
– Men di betre ein kvalitetssikrar og systematiserer datasetta, di mindre er risikoen for feiltolking. Dersom datasetta
  14 FORSKNINGSETIKK | NR. 2 | 2020








































































   12   13   14   15   16