Page 12 - Forskningsetikk 2-2020
P. 12
Openheit som våpen Alle vil ha forsking som er open og til å stole på. Men kva gjer vi
når nokon tek dette ønsket og brukar det til motsett føremål? TEKST KJERSTIN GJENGEDAL
ILLUSTRASJONSFOTO SHUTTERSTOCK Overalt i USA bur det folk med
astma og helseproblem. Dei vil få
det vanskeleg dersom miljø- direktoratet ikkje har høve til å regulere luftforureininga. Difor prøver vi å flytte temaet ut i den offentlege debatten og vise at det har konsekvensar for folk. Det er den einaste måten vi kan kjempe mot det på, seier Andrew Rosenberg frå den amerikanske enden av ei Skype-oppkopling.
Rosenberg er direktør for Center for Science and Democracy hos organisasjonen Union of Concerned Scientists (UCS) i USA. Det han snakkar om, er ein ny regel som det amerikanske Environmental Protection Agency (EPA) har føreslått å innføre.
EPA er ikkje berre den viktigaste miljøetaten i USA, men også i aukande grad åstad for Trump-administrasjonen sine etter kvart velkjende åtak på vitskapleg
kunnskap. Den noverande leiinga i EPA er utnemnd av Trump-administrasjonen, og det er der forslaget kjem frå.
Må offentleggjere data
EPA er i ein utsett posisjon fordi etaten har myndigheit til å regulere forureinande industri. Trump-administrasjonen har heile vegen gjort det klart at dei ønskjer seg mindre regulering av industrien. Men kva har dette med open og påliteleg forsking å gjere?
Den nye regelen har fått namnet «Strengthening Transparency in Regulatory Science». I korte trekk seier han at dei vitskaplege studiane som EPA baserer reguleringane sine på, må vere heilt og fullt offentleg tilgjengelege – inkludert alle rådata som er med i studien.
I grunngjevinga heiter det at andre må kunne ettergå forskinga, og det må vere
mogleg å analysere alle data på nytt – for å sjekke at forskinga har gått rett føre seg. EPA-direktør Andrew Wheeler, som tidlegare har vore lobbyist for kolindustrien, har sagt at «det amerikanske folket har rett til å vite kva for vitskaplege studiar som dannar basis for EPA sine avgjerder om regulering». Kven kan vel vere motstandar av noko slikt?
Når UCS og nesten alle andre forskings- institusjonar og -organisasjonar likevel kjempar imot, kjem det mellom anna av at regelen også vil gjelde for forsking som byggjer på medisinske personopplysingar som deltakarane har gjeve frå seg under føresetnad av at dei blir behandla konfidensielt. Datasetta som studiane byggjer på, kan ikkje gjerast offentlege utan at ein bryt med personvernet. Kort sagt vil regelen difor føre til at viktige studiar av korleis forureining påverkar
12 FORSKNINGSETIKK | NR. 2 | 2020