Page 13 - Forskningsetikk 2-2020
P. 13

  Andrew Rosenberg har lang erfaring frå havforsking og fiskeriforvalting. No frontar han kampen mot ein ny regel i Environmental Protection Agency (EPA). Foto: privat.
helsa til folk, blir ekskludert frå kunnskaps- grunnlaget.
Krav frå industrien
– Det er viktig med større pålitelegheit, og eg støttar jo tilgjengeleggjering av data
– sjølvsagt med unnatak av person- opplysingar. Men når eg sjølv er fagfelle på andre sine artiklar, treng eg sjeldan tilgang til individuelle rådatapunkt, seier Rosenberg.
– Når eg skal vurdere kvaliteten på ein studie, ser eg på metodar, diskusjonar og konklusjonar. Nokre studiar byggjer på millionar av rådatapunkt, men som fagfelle sit eg ikkje heime og analyserer om att enorme datasett på kveldane. Så å gjere dette til eit krav har ikkje noko anna føremål enn å forseinke regulering av industrien, meiner han.
EPA-regelen, som etter planen skal få si endelege form i løpet av hausten, skriv seg inn i ein lang tradisjon der industriaktørar, frå tobakksindustri til tungtransport, nyttar krav om openheit som ein måte å diskreditere forsking og forskarar på.
– Påliteleg forsking er bra. Men som
Openheit er bra, men kan også brukast mot folk på politisk grunnlag, meiner Stephan Lewandowsky. Her held han foredrag på ein konferanse i regi av De nasjonale forskningsetiske komiteene. Foto: Ida Irene Bergstrøm.
med andre gode ting i livet kan også dette bli eit våpen som ein kan bruke mot folk på politisk grunnlag, seier Stephan Lewandowsky.
Han er professor i eksperimentell psykologi ved University of Bristol i England, og har mellom anna studert korleis folk gjer seg opp meiningar om forskingsfelt som er politisk kontroversielle.
– Og eg trur det er lett å sjå at denne EPA-regelen vil bli brukt på ein slik måte. Dei seier til dømes at forsking må kunne utførast på nytt for å vere gyldig. Men det er ikkje alltid det er mogleg.
Som døme nemner Lewandowsky nokre tilfelle frå denne våren, der ein fekk utbrot av covid-19 om bord på cruiseskip. Det var «naturlege eksperiment» som gav forskarar eit unikt høve til å studere utfallet, men som det ikkje går an å gjere om att.
– Då vil EPA seie at denne forskinga er ubrukeleg. Det kan ikkje forklarast på annan måte enn at dei ønskjer seg eit verktøy som let dei ekskludere forsking på politisk grunnlag, seier han.
   FORSKNINGSETIKK | NR. 2 | 2020 13
Forskingsrådet sin politikk for datadeling
• Forskingsrådet krev at forskingsdata frå prosjekt det finansierer, skal lagrast og gjerast tilgjengeleg på ein sikker måte.
• Data skal handterast i samsvar med dei internasjonale FAIR-prinsippa: Findable, Accessible, Interoperable og Reusable.
• Data og metadata skal vere moglege å finne og sitere. I tillegg skal dei vere maskinleselege og kunne koplast med andre data.
• Dersom data ikkje kan delast ope (av omsyn til personvernet eller andre faktorar), bør metadata gjerast tilgjengelege.















































































   11   12   13   14   15