Page 12 - Forskningsetikk 2-2021
P. 12

  Eit museembryo veks i eit roterande glas på laboratoriet til ei forskargruppe i Israel. Forskarane klarer å halde det i live i elleve dagar på denne måten, over halvvegs i utviklinga av ein museunge. Neste skritt er å prøve det same med kunstige museembryo. (Foto: Weismann Institute of Science)
Grensene for kva som er mogeleg å gjere, blir flytta heile tida. Samtidig flyttar ein også grensene for kva som er etisk akseptabelt. Stine Hufthammer Indrelid
Dei forsikrar om at desse ikkje ville kunne utvikle seg til menneske, men har likevel valt å avslutte forskinga etter 14 dagar, på same måte som ved forsking på befrukta egg.
Dessutan har fleire grupper i år rappor- tert om dyrking av museembryo gjennom eit halvt svangerskap i laboratoriet, altså utanfor ei livmor. Eit hjarte som slår, musklar, blodårar, mage og nervesystem er godt i gang med å utvikle seg.
Etterlyser debatt
– Grensene for kva som er mogeleg å gjere, blir flytta heile tida. Samtidig flyttar ein også grensene for kva som er etisk akseptabelt, seier Indrelid.
Allereie i 2018 etterlyste rådet debatt om syntetiske embryo.
– Samfunnet må definere kva som er likt nok eit embryo til å få ein moralsk status, til å få rettar, seier Indrelid.
Ho understrekar at dei etiske problema knytte til kloning ikkje er løyste ved at ein har gått over til forsking på iPS-celler.
– Ein har berre løyst nokre praktiske problem.
Sigurd From gjekk bort i 2015.
Kjelder: Dokument frå sakshandsaminga til REK, Bioteknologirådet, Sosial- og helsedepartementet og Statens helsetilsyn, rapporten «Terapeutisk kloning. Forskningsfeltet og etiske dilemmaer»
og artiklar i Forskningsetikk, Uniforum, Genialt, Nature og Science.
leiar for Nasjonalt senter for stamcellefors- king. Han har mellom anna jobba med å sette menneskelege celler inn i dyrefoster.
– Rundt 2006 sette vi blodstamceller frå menneske-beinmarg inn i kyllingfoster. Vi fekk dei til å bli nerveceller. Sidan har vi gjort forsøk i mus og kyllingfoster der vi har sett inn humane embryonale stamceller, forklarer Glover.
Tidlegare i år rapporterte ei gruppe i USA at dei hadde sett inn humane stam- celler i befrukta egg frå apar. Dette er første gong forskarar har laga befrukta egg med celler frå både apar og menneske. Ape– menneske-embryoa fekk leve i 19 dagar.
Forskarane meiner at slike blandingsor- ganismar, kalt kimærar (etter det latinske ordet chimaera – eit fabeldyr sett saman av løve, geit og drage) er gode modellar for å studere stamceller og tidleg embryo- utvikling.
– Ein tenkjer seg også at dersom vi lagar dyr som er meir like menneske, kan vi bruke dei til å studere sjukdomsutvik- ling og effekten av ulike behandlingar,
og til å produsere menneskelege organ, seier Stine Hufthammer Indrelid, senior- rådgivar i Bioteknologirådet.
Ein god del av denne forskinga er kontroversiell og knytt til etiske problem- stillingar om både dyrevelferd, bruk av humane stamceller og menneskeleg identitet, understrekar ho.
Embryo-liknande organismar
Utviklinga som Yamanaka uttrykte uro for, ser også ut til å rykkje nærmare. Smak på ordet embryoid. Dette er namnet på ein embryo-liknande organisme dyrka fram frå stamceller på laboratoriet.
Ei rekkje forskingsmiljø prøver slik
å attskape utviklinga av eit menneske- embryo. Embryomodellar, blastoid eller syntetiske embryo er andre ord for det same. Dersom utgangspunktet er ei hudcelle gjord om til ei iPS-celle, skjønar vi at også dette kan karakteriserast som ein klon.
Fleire grupper har nyleg vist korleis dei har laga menneskelege embryoid.
  1 1 2 2 F F O O R R S S K K N N I I N N G G S S E E T T I I K K K K | | N N R R . . 21 | | 2 2 0 0 2 2 1 1
Magasinet Forskningetikk fyrer med dette av startskotet for ein serie med artiklar som ser på korleis utviklinga innan stamcelleforsking flyttar etiske grenser. Følg med vidare i neste num- mer.








































































   10   11   12   13   14