Page 11 - Forskningsetikk 2-2021
P. 11

 Teknologi er kraftige saker som kan ha stor innverk­ nad på verdiane våre.
Jan Helge Solbakk
Året etter offentleggjer Yamanaka at han har fått hudceller frå menneske til
å oppføre seg som embryonale stamceller – berre ved hjelp av dei same fire fakto- rane som han brukte til å få museceller til å gå i barndomen.
iPS-cellene snur forskingsfeltet opp ned. I løpet av kort tid går mange stamcelle- forskarar over til å forske på slike celler i staden for stamceller frå humane embryo.
Nobelprisen
Forskinga på embryonale stamceller blir ikkje borte, men merksemda rundt dei etiske problema blir i stor grad avleia, og kontroversane legg seg.
Det same året, altså i 2008, blir det norske forbodet mot forsking på over- talige befrukta egg oppheva.
I samsvar med retningslinjer som stamcelleforskarar over heile verda har blitt samde om, blir det sett ei grense.
Den slår fast at forskinga berre kan gå føre seg fram til 14 dagar etter befruktning.
I 2009 blir Tiny fødd, den første muse- ungen laga av ei hudcelle.
I 2012 får Yamanaka nobelprisen i medisin saman med Gurdon – han som klona frosk på 60-talet.
Eit kunnskapsjordskjelv
– Bodskapen til Yamanaka på Voss i 2006 var at det ikkje er nokon tekniske løysingar på dei etiske utfordringane i forskinga. Vi må finne løysingane på andre måtar. Han etterspurde endå større vaktsemd mot dei etiske utfordringane ved iPS-forskinga, seier Solbakk.
Han viser til uttrykket epistemologiske jordskjelv, som i denne samanhengen
kanskje kan omsetjast til kunnskapsjord- skjelv. Stort sett utviklar erkjenninga og kunnskapen seg sakte, men sikkert, men av og til skjer det dramatiske brot.
– Dolly var eit epistemologisk jord- skjelv som skaka grunnen og dramatisk endra landskapet. Det same gjeld iPS- cellene, og seinare CRISPR-metoden for genredigering. Det vil vere naivt å tru at det ikkje vil kome fleire slike jordskjelv, seier Solbakk.
Størst mogeleg openheit
Han meiner vi kan sjå langt etter ein slags seismograf for å kunne føreseie denne typen skjelv. Poenget er at det kan vere veldig krevjande for etikarar å kome seg
i forkant av utviklinga.
– Teknologi er kraftige saker som kan
ha stor innverknad på verdiane våre, seier Solbakk.
For eksempel har det etter kvart blitt stor aksept for forsking på embryo som blir til overs i samband med assistert befruktning.
– Vi veit aldri på førehand kva for ei retning denne innverknaden vil ta. Det ser vi først i etterkant. Forskarar blir stadig overrumpla over utviklinga på eigne fagfelt. Det einaste vi kan gjere, er å sikre størst mogeleg openheit og gjennomsiktig- heit i det som går føre seg, seier Solbakk.
Lagar miniorgan på laben
I dag blir iPS-celler brukte til å lage både cellelinjer, vev og organ.
Forskarar lagar for eksempel sjukdoms- spesifikke cellelinjer med iPS-celler. Desse blir studerte for å forstå sjukdommane betre.
Eit nytt omgrep har også dukka opp: organoid. Dette er forenkla miniversjonar av organ, produserte på laboratoriet. Til saman finst det snart like mange typar organoid som det finst organ i ein levande menneskekropp. Små hjarte som slår, nyrer, lunger, tarmar, magar og levrar.
Til og med små hjernar flyt rundt i laboratorieskåler og fyrer av stadig meir avanserte mønster av nervesignal. Nye etiske problemstillingar dukkar opp. Kan eit hjerne-organoid tenkje og føle?
– På marknaden om få år
Forskinga gir oss meir detaljert innsikt
i korleis organa blir danna, og korleis sjukdommar utviklar seg. Vev og organoid utvikla frå iPS-celler kan også brukast til
å teste medisinar.
Innan feltet persontilpassa medisin er det framleis håp om at ein etter kvart skal kunne dyrke vev og nye organ som kan erstatte sjuke celler, vev eller organ gjen- nom transplantasjon.
– Om fem–ti år trur eg organ vil vere tilgjengelege ved å bruke denne tilnærmin- ga, seier Gareth Sullivan, seniorforskar ved Oslo universitetssykehus (OUS) og forskar ved Institutt for medisinske basalfag ved UiO.
Det er stor mangel på organ for trans- plantasjon, understrekar han. Sullivan arbeider sjølv med å lage lever-organoid.
– I løpet av dei komande åra vil vi prøve å overføre forskinga til klinikken, for å behandle sjukdom, seier Sullivan.
Artsgrensene
Forsking som kryssar artsgrensene, er også eit felt i blomstring. Joel Glover er
– Uheldigvis er kloning framleis forbode i Noreg, seier forskar Gareth Sullivan ved UiO og OUS. (Foto: privat)
  FORSKNINGSETIKK | NR. 2 | 2021 11
 MAGASINET FORSKNINGSETIKK 20 ÅR

























































   9   10   11   12   13