Page 9 - Forskningsetikk 2-2021
P. 9

som kan styre ny spesialisering til celler, vev eller heile organ.
Medan søknaden til From er til be- handling, knivast forskingsmiljø i fleire land om å finne svar. From trur dei aktuelle faktorane kan vere felles for ulike artar, og vil difor prøve med menneske- DNA i museegg.
– Dersom arbeidet resulterer i identifi- kasjon av dei aktuelle faktorane, vil bruk av fostermateriale falle bort, skriv From
i søknaden.
Ingen veit at dette sporet nokre år seinare skal ende med ei stor oppdaging som gir ein annan forskar nobelprisen.
Unison skepsis
Medlemmene i REK er usikre på om den føreslåtte From–mus-klonen faktisk kan kallast eit menneskeembryo. Altså er det uklart om det gjeldande forbodet mot forsking på befrukta egg også omfattar transplantasjon av menneskeleg arvestoff til kjernefrie eggceller av mus.
Dessutan ser komitéen etiske problem ved kryssing av artsgrenser.
Marit Halvorsen er professor ved Institutt for offentlig rett ved UiO og var juridisk sakkunnig i REK-komitéen som handsama saka. Ho opplyser at det ikkje var noko usemje blant medlemmene.
– Alle var skeptiske. Den første tanken var å seie nei, men i slike etiske vurderingar kan ein ikkje berre følgje instinktet. Mykje var uklart for oss, og vi var samde om at vi måtte undersøkje nærmare kva denne nye teknologien innebar, seier Halvorsen.
Ikkje ulovleg
Dette er den aller første saka om terapeu- tisk kloning i dei regionale komitéane for medisinsk forskingsetikk.
REK ber Sosial- og helsedepartementet uttale seg om korleis lovverket skal tolkast, og Bioteknologirådet om å uttale seg i dei faglege og etiske spørsmåla. From blir også kalla inn for å forklare meir om prosjektet.
– Den dåverande bioteknologilova hadde store hol sett opp mot forskings- fronten på den tida, hugsar Halvorsen.
Konklusjonen frå departementet
og Helsetilsynet blir at det tenkte From– mus-embryoet ikkje er det same som eit befrukta egg, og at prosjektet dermed ikkje vil vere ulovleg.
Marit Halvorsen, professor ved Institutt for offentlig rett ved UiO. (Foto: Terje Heiestad / Millimeterpress)
Får ikkje blande rasar
Bioteknologirådet er på si side samla
i rådet om å ikkje tillate overføring av cellekjernar frå menneskeceller til egg- celler frå ein annan art.
Nemnda oppfattar prosjektet til From som eit skritt mot krysning av artsgren- sene, og dermed ein reduksjon av eigenar- ten til både dyr og menneske.
I tillegg meiner nemnda at prosjektet vil kunne bidra til å redusere eigenverdien til celler som kan gi opphav til sjølvsten- dige individ.
Dessutan er det fullt mogeleg å studere avprogrammering og reprogrammering av celler på andre og mindre problema- tiske måtar, meiner nemnda.
Ole Johan Borge, avdelingsdirektør for helseforsking og helseinnovasjon i Forskingsrådet. (Foto: Forskingsrådet)
REK svarer til slutt nei på søknaden til From. I grunngivinga står det at sidan prosjektet omfattar kryssing av artsgren- ser, reiser det etiske motførestillingar som ikkje kan vike, trass i den mogelege nytta til prosjektet.
From sjølv er ikkje samd i at prosjektet vil gi ei blanding av mann og mus.
– Kjernefrie celler inneber at meir
enn 99 prosent av arvematerialet er borte. På eit fagleg grunnlag kan eg ikkje skjøne argumentet om at dette er å blande rasar, seier From til Universitas etter å ha fått avslaget.
Han fortel også at UiO har oppfordra han til å avslutte prosjektet fordi det kan gi negativ omtale av universitetet. From gjer som han blir bedd om.
     Sigurd From blei intervjua av Universitas i 2001 om den planlagde forskinga. (Faksimile)
FORSKNINGSETIKK | NR. 2 | 2021 9
 MAGASINET FORSKNINGSETIKK 20 ÅR



































































   7   8   9   10   11