Page 10 - Forskningsetikk 2-2021
P. 10

– Veldig tidleg ute
Ole Johan Borge er i dag avdelingsdirektør for helseforsking og helseinnovasjon i Forskingsrådet. I 2001 var han Biotekno- logirådet sin sakshandsamar i denne saka. Borge var også direktør for Bioteknologi- rådet i fleire år.
– From var veldig tidleg ute med si tilnærming og sine forslag til studiar, også sett i eit internasjonalt perspektiv, seier han.
Han var likevel ikkje åleine. Mange andre – inkludert forskarar her i landet, hadde tilsvarande tankar, understrekar Borge. Han siktar til idéane om å bruke faktorar frå eggceller til å avprogrammere og reprogrammere celler.
– Etter kvart skulle det vise seg at dette var ein veldig spanande veg å gå, seier Borge.
Sjølv om forskingsspørsmålet til From var godt, er det opplagt at oppsettet av prosjektet ikkje var det beste for å finne svar – og langt frå det minst kontroversi- elle, meiner han.
– Så lenge ein forskar har andre måtar å få naudsynte data på, meiner eg ein bør bruke desse før ein vel å klone seg sjølv
i eggceller frå mus, seier Borge.
Opphaussa celler
Han hugsar korleis forskinga på embryo- nale stamceller blei kraftig haussa opp på denne tida. Ein tenkte seg at ei rekkje nye behandlingar var på trappene. Store bankar med embryonale stamceller skulle bli bygde til behandlingsføremål.
No, 20 år etter, synest han utviklinga viser kor viktig det er å ikkje la seg rive med.
– Framleis har vi sett svært lite behand- ling i klinikkane basert på desse teknolo- giane. Alle aktørane som er involverte i forsking, bør ta inn over seg at forsking tek tid, og at det difor også er viktig å la etikken ta tid, seier Borge.
Dessutan kan ein aldri vite når forsk- inga brått vil ta ei ny vending.
Yamanaka på Voss
Året er 2006. Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo arrangerer eit seminar på Voss – om dei etiske sidene ved stamcelleforsking. Ein av gjestane er professor Shinya Yamanaka frå Universi- tetet i Kyoto i Japan.
Tre månader tidlegare har han offent- leggjort at han har klart å avprogrammere vaksne, spesialiserte celler frå mus til å oppføre seg som embryonale stamceller.
Det har han fått til utan å ta i bruk embryo eller eggceller. Berre ved hjelp av fire faktorar. Han kallar cellene for indu- serte pluripotente stamceller, eller iPS- celler.
Til den vesle forsamlinga på Voss fortel Yamanaka at han har blitt kontakta av både pave Benedikt XVI og president George Bush. Begge trur iPS-cellene løyser dei vanskelege etiske problemstillingane knytte til stamcelleforsking. At behovet for å bruke embryo vil bli borte.
Pandoras eske
Jan Helge Solbakk, professor ved Senter for medisinsk etikk, sit i salen og lyttar til japanaren på Voss. Spesielt éin ting svir seg fast i minnet.
– Eg kjem aldri til å gløyme at Yama- naka sjølv sa han følte han hadde opna Pandoras eske, fortel Solbakk.
Frå talarstolen er den framtidige nobel- prisvinnaren open om at han kan ha vore med på å skape eit nytt etisk problem.
Når ei hudcelle kan bli avprogrammert til å fungere som ei embryonal stamcelle, kan det også bli mogeleg å bruke ei hudcelle til å lage eit nytt menneske
– ein klon.
– Haldningane til nye metodar innan bioteknologi endrar seg enormt raskt, seier Jan Helge Solbakk, professor ved Senter for medisinsk etikk ved UiO. (Foto: UiO)
    I mars 2021 offentleggjorde ei internasjonal forskargruppe at dei hadde klart å lage «ein modell av menneskeleg embryo frå hudceller». Biletet viser fleire slike embryoid eller blastoid med ulik cellefarging. Forskinga blei publisert i tidsskriftet Nature. (Foto: Monash University)
10 FORSKNINGSETIKK | NR. 2 | 2021








































































   8   9   10   11   12