Page 8 - Forskningsetikk 2-2021
P. 8

 KLONING
• Kloning er definert som teknikken/ prosessen for å framstille noko som er genetisk likt. Det kan vere alt frå genetisk like individ til celler, vev eller organ.
• Reproduktiv kloning handlar om å lage genetisk like individ.
• Terapeutisk kloning er framstilling av noko som no eller i framtida kan bli nytta i pasientbehandling, og der det ikkje blir utvikla eit heilt individ.
Kjelde: Forskningsetikk nr. 1 2001, 1. årgang
Øydelagde embryo
Store delar av forskingsmiljøet meiner dei treng å jobbe med humane embryonale stamceller. Eit sentralt etisk dilemma er at embryoet blir øydelagt når stamcellene blir henta ut. Øydelegging av starten på eit menneske. Eller ein celleklump. Alt etter korleis ein ser det.
I og for seg ikkje noko nytt, sidan destruering av embryo lenge har vore vanleg i samband med assistert befrukt- ning. Berre ikkje omtala som embryo, men som overtalige befrukta egg. Er det greitt å bruke desse til forsking i staden, dersom «foreldra» vil gi sitt samtykke?
Nei, meiner norske lovgivarar. Dette grunngir dei mellom anna med omsynet til menneskeverdet.
From–mus-klon
From har ein plan han trur kan løyse dilemmaet. Han vil framstille embryonale stamceller utan å bruke menneskelege embryo, eller fostermateriale, som han kallar det sjølv.
Det er denne planen forskargruppa no vil teste. From ønskjer etisk godkjenning til å byte ut kjernar i eggceller frå mus med kjernar frå sine eigne celler.
Det er i cellekjernane vi finn arvestoffet DNA. Tidlegare forsking har vist at eit slik byte av kjernar kan få egget til å oppføre seg som om det er befrukta. Kjerneover- føring, som teknikken blir kalla, er ein metode for kloning.
Ein slags From–mus-klon vil det altså bli.
Bomba Dolly
På dette tidspunktet er det berre fem år sidan den skotske saueklonen Dolly sjokkerte verda (1996). Den første vel- lukka kloninga av eit vakse pattedyr slo ned som ei bombe.
Ein stormfull debatt om etikk oppstod i kjølvatnet. Var kloninga av Dolly eit første skritt mot kloning av menneske? Var teknologien god nok til å klone fram friske individ?
Samtidig blei det vitskapelege arbeidet hylla som ei bragd. Ingen trudde det var mogeleg å klone eit vakse pattedyr ved
å bruke kjerneoverføring.
From legg ikkje skjul på entusiasmen sin.
– Eitt av dei viktigaste gjennombrota innan naturvitskapeleg forsking på over hundre år, uttaler han til Uniforum.
Prøvde å klone mus
Når cellene spesialiserer seg, skjer det endringar i arvestoffet (DNA-et). Spesifikt gjeld det mønsteret av gen som er skrudde av og på.
Tidlegare trudde forskarane at gena låste seg slik. At ei modna eller spesialisert celle ikkje kunne gå tilbake til ein umoden tilstand.
Men allereie på 1960-talet viste den britiske forskaren John B. Gurdon at spesialiseringa av celler er reversibel. Han brukte kjerneoverføring til å klone frosk. Med Dolly blei det same vist for eit stort pattedyr.
Mann eller mus? From sitt planlagde prosjekt blei omtalt i Forskningsetikk nr. 1 2001.
From er sterkt kritisk til eit lovframlegg om å forby kloning av dyr i Noreg. Han har sjølv brukt fleire år på å prøve å klone mus.
Ei radikal miljøendring
Frå From sin ståstad er det ikkje sjølve klonen i seg sjølv som er det store bidra- get til vitskapen, men det klonen kan fortelje om eigenskapane til spesialiserte celler.
– Dolly har vist oss at celler frå vaksne organismar kan bli programmerte om, berre ein endrar miljøforholda radikalt nok, seier From under ei open høyring i regi av Bioteknologirådet (Bioteknologi- nemnda).
From var veldig tidleg ute med si tilnærming og sine forslag til studiar, også sett i eit internasjonalt perspektiv.
Ole Johan Borge
Miljøendringa han siktar til, er flyttinga av ein spesialisert cellekjerne til ei kjerne- fri eggcelle. Det er noko i den kjernefrie eggcella som kan gi det spesialiserte arvestoffet tilbake evna til å gi opphav til alle slags celler.
Det store spørsmålet er kva. Her er vi bokstaveleg talt ved kjernen i saka.
Faktorjakta
From har nemleg ingen planar om å klone eit heilt individ eller sette museegget med menneske-DNA inn i ei livmor. Det er terapeutisk kloning han er ute etter (sjå faktaboks).
Han vil dyrke From–mus-embryoet i ei petriskål på laboratoriet, og berre fram til blastocyststadiet – ein liten ball med rundt 64 celler. Dette vil ta fire–fem dagar. Deretter vil han hente ut embryonale stamceller frå det indre av denne ballen.
I søknaden om etisk godkjenning skildrar From det ultimate målet: å av- dekkje faktorane som skal til for å skru cellespesialiseringa tilbake – og faktorane
   8
FORSKNINGSETIKK | NR. 2 | 2021



























































   6   7   8   9   10