Page 7 - Forskningsetikk 2-2021
P. 7

 Forskaren som ville
klone seg sjølv
For 20 år sidan ville ein norsk forskar klone seg sjølv. Prosjektet blei stoppa. Ettertida har vist at han var på sporet av noko viktig.
Vi reiser tilbake til 2001. Sigurd From er førsteamanuensis og forskar ved Universitetet i Oslo (UiO). Han leier ei forskargruppe som forskar på stamceller – spesielt ein type stamceller som kan gi opphav til alle cellene i ein kropp. Førebels jobbar dei med mus.
Internasjonalt er det stor optimisme på feltet. Eitt av måla er å finne ut om ein kan få spesialiserte celler, for eksempel hudcel- ler, til å gå i barndomen igjen. Vi kan kalle det ei avprogrammering, slik at cellene blir i stand til å gi opphav til alle celletypar.
Ein ser føre seg å styre slike celler når dei spesialiserer seg på nytt. Slik kan det bli mogeleg å dyrke fram celletypar, vev eller til og med heile organ som pasientar treng. Dette vil ha pasientane sitt arve- stoff, og vere utan risiko for avvisinga som kan skje ved vanleg transplantasjon.
Framtid fri for sjukdom
Dei tidlege cellene i eit menneskeliv held framleis på nokre av løyndomane sine. Korleis klarer cellene å organisere seg i kroppen ved å ta på seg ulike roller og former? Kvifor går det nokre gonger gale? Spontanabort. Utviklingsfeil. Sjukdom.
Det medisinske potensialet kan vere stort. Kor langt skal samfunnet la forska- rane gå for å nå måla sine? I 2001 er dette ei svært aktuell problemstilling.
I eit intervju med avisa Uniforum skisserer From ei framtid fri for både kreft, hjartesjukdom, malaria og diabetes.
Det er ei framtidstru han deler han med mange andre på denne tida. Akkurat no
TEKST KRISTIN S. GRØNLI OG ELIN FUGELSNES ILLUSTRASJON MARIT JØRGENSEN, 07 MEDIA
ventar han på svar frå Regional komité for medisinsk forskningsetikk (REK) om eit prosjekt han vil sette i gang.
Medlemmene i komitéen slit med å vurdere om dei skal gi etisk godkjenning til prosjektet til From. Sakshandsaminga har gått føre seg eit heilt år.
Den vanskelegaste saka
I det aller første nummeret av Forsknings- etikk, som kom ut i 2001, blir nokre av komitémedlemmene intervjua.
– Utvilsamt den vanskelegaste saka vi har hatt til vurdering på lenge, seier
Den første tanken var å seie nei, men i slike etiske vurderingar kan ein ikkje berre følgje instinktet. Marit Halvorsen
komitéleiar Sigurd Nitter-Hauge.
Han viser til at stamcelleforsking blir
køyrt fram som ei medisinsk landevin- ning som skal sørgje for utvikling av små og store reservedelar til menneska.
– Teoretisk kan dette på lengre sikt gjere eit heilt klona menneske mogeleg, seier Nitter-Hauge.
Han samanliknar feltet med forskinga på atomenergi, som gav både atombomba og kjernekraft.
– Tradisjonell etisk teori strekk ikkje til, seier filosof Øyvind Baune, som er fag- etikar i komitéen.
For å skjøne kvifor prosjektet til From får etikkekspertane til å rive seg i håret, må vi tilbake til start. Det vil seie til byrjinga på eit menneske.
Omstridde stamceller
Ei stamcelle er altså ei celle som kan gi opphav til fleire ulike typar celler. Alle har stamceller i kroppen. Blodstamceller kan til dømes bli både raude blodceller, kvite blodceller og blodplater.
Det største potensialet finn vi i stam- celler frå embryo, altså foster som er nokre få dagar gamle. Det er desse stam- cellene som kan gi opphav til alle andre celler. Over 200 ulike typar celler i ein menneskekropp. Frå hjarte til hjerne, hud og auge. Forskarane kallar dei embryonale stamceller.
Medan From ventar på REK, er det mange forskarmiljø som studerer stamcel- ler frå vaksne kroppar, på fagspråket kalla adulte stamceller. På grunn av det avgren- sa potensialet for spesialisering kjem ikkje forskarane heilt i mål med desse.
I nokre land er det difor blitt opna for å forske på menneskelege embryonale stamceller. Første gong ein forskar isolerte slike celler frå eit få dagar gammalt em- bryo, var i 1998.
Miljøa som har fått lov, jobbar intenst med å prøve å styre embryonale stamcel- ler til å spesialisere seg på bestemte måtar. På denne tida er det ikkje lov med slik forsking i Noreg. Debatten rasar.
  FORSKNINGSETIKK | NR. 2 | 2021 7
 MAGASINET FORSKNINGSETIKK 20 ÅR


































































   5   6   7   8   9