Page 22 - Grønn Kunnskap 2021
P. 22

 Varmt vatn mot utløparar i jordbæråkeren
Jordbærplanter har utløparar som fort fyller åkeren og gjev gode vilkår for sopp om dei ikkje blir fjerna. Reglone er eit effektivt svimiddel mot utløparar i jordbæråkeren, men det har mista godkjenninga i EU. No ser forskarar på om varmevatn kan vere eit alternativ.
Plantevernmiddelet Reglone har blitt nytta i jord- bærproduksjonen for å kontrollere utløparar. Dette er eit svimiddel som «brenn bort» den delen av planta det er i kontakt med. I 2020 kom det forbod mot dikvat – eit av verkemidla i Reglone. Dette er ei utfordring for jordbærdyrkarane.
Dersom ein ikkje fjernar utløparane, blir det ikkje rader, men eit teppe i jordbæråkeren. Det gjev gode vilkår for gråskimmel og andre soppsjukdomar. Dessutan kan ein ikkje navigere i åkeren.
Som ein del av prosjektet SOLUTIONS, skal forska- rar finne nye, praktiske løysningar for å fjerne utløparar og kontrollere ugras i jordbær på friland.
– I år har vi lagt opp eit forsøk i nyetablert felt med dobbeltrad på Ridabu ved Hamar. Vi brukar varmt vatn for å svi både utløparar og koke bort vegetasjo- nen i dobbelrada og i gangane, fortel Wiktoria Kaczmarek-Derda, forskar ved NIBIO.
Forskarane studerer verknaden av gjentatte behand- lingar med varmt vatn kombinert med mekanisk radrensing. Behandlinga samanliknast med kjemisk sprøyting, inkludert nye ikkje-godkjente middel
i jordbærkulturen.
I varmtvassbehandlinga undersøker dei mellom anna kor nært dei kan kome med kokande vatn til nyplanta jordbærplanter, og kva slags mengder vatn kan brukast, utan å skade kulturplanta.
– Vi testar to avstandar til jordbærplantene på 2 cm og 4 cm, kombinert med 3 og 6 liter per kvadrat- meter, forklarar ho.
Forskarane ser også på kor effektiv behandlinga er ved bruk av ulike mengder vatn. Dette for å finne riktig dose for å behandle ugrasflora og jordbær- utløparane i eit nyetablert jordbærfelt.
Foto: Siri Elise Dybdal
 Føremål: Samarbeid: Finansiering:
Kontakt:
Finne nye praktiske løysingar for ugras og utløparar i jordbær på friland. Norsk Landbruksrådgiving Innlandet og Heatweed Technologies AS Forskingsmidlane for jordbruk og matindustri (FFL/JA), Grofondet AS
Forskar Wiktoria Kaczmarek-Derda. E-post: wiktoria.kaczmarek@nibio.no, mobil: 920 12 897. Divisjon for bioteknologi og plantehelse
 20


















































































   20   21   22   23   24