Page 24 - Grønn Kunnskap 2021
P. 24

 I forslaget til endra forskrift om gjødselbruk legg Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet fram ulike krav til «spredemengde.» Det betyr ulike grenser for tillaten mengd fosfor spreidd per dekar jordbruksareal. Begge direktorat ønskjer strammare krav for tilførsel av husdyrgjødsel, noko som gir auka behov for spreieareal.
For mange gardsbruk med husdyrhald vil dette få konsekvensar, spesielt der dyretettleiken er høg. Kraftfôrkrevjande produksjonar som mjølk, gris og fjørfe vil merke effekten av endra krav mest.
NIBIO har rekna ut at nær 3 600 gardsbruk får overskot av husdyrgjødsel ved ei utsleppsgrense på 2,5 kilo fosfor per dekar, slik Landbruksdirektoratet foreslår. Miljødirektoratet foreslår ei maksgrense på 2,1 kilo. Det betyr at rundt 4 900 bruk vil få overskot.
30 prosent av dei 4 900 bruka er i Rogaland, det einaste fylket som vil få eit netto gjødseloverskot utrekna etter nye krav.
NIBIO har vurdert samfunnsøkonomien i å handtere det auka gjødseloverskotet best mogleg og mest mogleg effektivt.
Å kunne nytte husdyrgjødsla mest mogleg nær drifta er viktig. Derfor er transport av gjødsel ein vesentleg faktor i utgreiingane.
Geografiske og agronomiske driftsforskjellar gir ulike behov for næring gjennom vekstsesongen og påverkar gjødselavsetninga. Dette talar for eit differensiert regelverk.
Innstrammingar av spreietidspunkt er og drøfta, med vurderingar av når på året og i sesongen gjødslinga har mest næringseffekt og minst utslepps- risiko.
På tampen av 2021 starta NIBIO eit oppfølgings- arbeid for utgreiing av dei økonomiske konse- kvensane på gardsnivå.
Foto: Kjersti Kildahl
 Overskot av gjødsel: Ressursar på avvegar
Gjødsel er bondes gull, men kan og vere ei samfunnsutfordring. Næringsstoff som hamnar på feil stad og hopar seg opp i naturen skapar miljøproblem. Derfor har vi eit gjødselregelverk. Det skal no reviderast.
 Føremål: Finansiering:
Kontakt:
Å vurdere ulike sider ved forslaget til ny forskrift om gjødselbruk. Landbruks- og matdepartementet
Rådgjevar Anna Landrø Hjelt. E-post: anna.landro@nibio.no, mobil: 958 19 208. Divisjon for kart og statistikk
 22


















































































   22   23   24   25   26