Page 31 - Grønn Kunnskap 2023
P. 31

 Humlekviskraren på Særheim
Mange dyr har fantastiske naser. Hundar snuser seg frem til narkotika, griser grev frem trøflar og rotter leiter etter landminer. Også insekt kan briljere med god luktesans.
I Noreg er vi avhengige av veksthus for å dyrke tomat, men det er ikkje berre tomatplantene som trivst i veksthusets varme og fuktige klima. Her er det òg gode vilkår for at visse planteskadelege soppar kan utvikle seg, noko som kan føre til store økono­ miske tap. Rask oppdaging og behandling av smitta planter vil kunne vere effektivt for å hindre at soppen spreier seg. Men å oppdage smitta planter er ikkje lett.
I prosjektet HumleSans trener forskarar humler til å snuse seg frem til smitta planter. Humlene vert lært opp til å assosiere luktstoff frå sjuke tomatplanter med mat.
Forskarane vel ut dei mest aktive humlene i bolet. Humlene vert lagt i dvale og sett fast i ein «humle­ stol». Her får dei presentert luktstoff og sukkervatn. Dei bruker antennene for å lukte, og tunga for
å slikke i seg den søte væska. Denne presentasjonen
av luktstoff og sukkervatn vert gjenteken 10 gonger. Til slutt stikk humlene ut tunga berre dei kjenner lukta, og refleksen er etablert.
Til å byrje med lærer humlene å reagere på klassiske luktstoff som er assosiert med blomar. Etter kvart skal forskarane sjå om dei kan lære humlene
å kjenne att luktstoffa som er assosiert med sopp­ smitta tomatplanter. Dersom dette er vellukka er det håp om at tomatprodusentar skal kunne bruke humlene i veksthus for å snuse seg frem til smitta planter.
Humlene kan også etterlate seg spor på plantene dei oppsøker. Dei får litt maling på beina, slik at dei sjølv kan merke plantene dei er innom. Store mengder malingsflekker på ei plante kan då vere eit teikn på at den er smitta. Slik kan ein tidleg oppdage smitta planter, og ta grep for å hindre at smitten spreier seg.
Foto: Endre Mogstad Ananiassen
 Formål:
Finansiering: Kontakt:
Innovativt konsept med høgt potensiale som gir grunnlag for framtidsretta løysningar på dagens problemstilling.
FS-Pilot – NIBIOs grunnbevilgning
Forsker Dmitry Kechasov. E-post: dmitry.kechasov@nibio.no, telefon: 404 67 991. Divisjon for matproduksjon og samfunn
 29


















































































   29   30   31   32   33