Page 32 - Grønn Kunnskap 2023
P. 32
Samlar kunnskap om gamle tre
Kunnskap om gamle tre er viktig for å ta gode slutningar i skogsektoren i framtida.
Gamle tre i skogen er ein viktig levestad for mange fuglar, insekt, lav og mose, og difor vesentleg for skogen sitt biologiske mangfald. Men det har vore relativt lite forsking på korleis samansetjinga av artar endrar seg når trea blir eldre. Kor mange fleire sjeldne artar finst i økosystema knyt til gamle tre? Og er det slik at vi faktisk veit kor dei eldste trea i Noreg veks? Dei treng nemleg ikkje vere dei høgste eller største. Nokre tre kan ha vakse sakte gjennom heile livslaupet eller vore undertrykt i skogen som små.
Slik informasjon er viktig, fordi den fortel oss kor mykje vi skal vektleggje skogens alder når vi bestem mer kva som kan hoggast og kva som skal vernast.
Dette er spørsmål som opptek Eivind Handegard. Han er PhDstudent ved Noregs miljø og biovit skaplege universitet (NMBU) og NIBIO. Handegard har gamle tre som spesialfelt. I doktorgradsarbeidet
sitt tek han for seg nokre av kunnskapshola knyt til gamal skog.
– Kor lang tid tek det før ulike artar dukkar opp? Kor stor er forskjellen på yngre og eldre tre? Dette er nokre av spørsmåla eg prøver å finne svar på. Eg ser spesielt på forskjellige artar av mosar og lav på tre, dødvedsoppar, bakkelevande planter i skogbotnen, og mosar og lav på stein, seier PhDstudenten.
Handegard forklarar at ein på generell basis kan seie at det i gamal skog vil vere meir variasjon i biodiver sitet fordi det som oftast er fleire gamle tre, tre av ulik størrelse, opningar og ikkje minst død ved. Død ved er eit svært viktig habitat for artar i skogen, frå insekt og sopp, til ulike typar lav. Ståande død ved blir til dømes heim for hullrugarar som hakkespettar og ugler.
Foto: John Yngvar Larsson
Formål: Samarbeid: Finansiering:
Kontakt:
Å studere gamle tre gir kunnskap for å ta gode slutningar i skogsektoren i framtida. NMBU
Skogtiltaksfondet, landbruksdirektoratet og NIBIO
Stipendiat Eivind Handegard. E-post: eivind.handegard@nibio.no, telefon: 452 44 207. Divisjon for skog og utmark
30