Page 20 - Grønn Kunnskap 2024
P. 20

Foto: Erling Fløistad
Proteingevinsten frå sauehaldet
Slik sauehaldet er i dag får vi att omlag like mykje protein i kjøt og etelege biprodukt som
det vi tilfører dyra igjennom fôret. Men det kan forbetrast ifølge forskarane.
Drøvtyggjarane på utmarksbeite har eit enormt
matfat å ta av, med omtrent 45 prosent av landarealet
som eigna beite. Beitet utgjer rundt 60 prosent
av fôrinntaket til sauen, som omdannar gras til
høgverdig protein som menneske kan ete.
Men i kraftfôret blir det også brukt ein del korn og
andre vekstar som er etande for menneske. Årsaka er
at det svarar seg økonomisk. Det blir også brukt
mjølkeerstatning til lam som ikkje går med mora.
Å forstå proteinrekneskapet og drøvtyggjaren si rolle
er viktig i diskusjonen om korleis vi bør forvalte
­ ressursane våre i ein berekraftig matproduksjon.
– Det er fullt mogeleg å betra proteingevinsten med
relativt små justeringar av mengde og type ingrediensar
i kraftfôret, fortel forskar Håvard Steinshamn.
Om ein skal leggje opp produksjonen slik at proteinutbyttet
blir positivt, må ein redusera bruken av
kraftfôr, og det må leggjast meir vekt på betre utnytting
av grovfôret. Ifølgje Steinshamn må ein bruke
innmarksbeite betre og betre bruken av grovfôr
i innefôringstida for å redusere behovet for kraftfôr.
Dette krev fokus på gode beiter, høgare kvalitet på
vinterfôret og avl på dyr som produserer godt på
grovfôr og tilgjengeleg beite. Og ein må sørgje for at
søya får eit passe antal lam som ho kan klara å fø
sjølv så ein kan bruke mindre mjølkeerstatning.
Norsk sauehald kan altså spele ei viktig rolle i matproduksjonen
ved å utnytte beiteområde som ikkje
kan dyrkast til menneskemat. I tillegg bidreg beiting
positivt til økosystema og kulturlandskapet. Men
med små endringar kan sauehaldet bidra endå meir
til en berekraftig matproduksjon i Noreg.
Formål: Finansiering: Samarbeid: Kontakt: Prosjektet Amazing grazing har ei målsetting om betre berekraft i produksjonen av kjøtt og ull frå
sau som beiter i norsk utmark.
Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri
Forbrukerforskningsinstituttet SIFO ved OsloMet og Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK)
Seniorforskar Håvard Steinshamn, Divisjon for matproduksjon og samfunn.
E-post: havard.steinshamn@nibio.no | Telefon: 906 82 643
18
























































   18   19   20   21   22