Page 33 - Grønn Kunnskap 2024
P. 33
Foto: Silje Kvist Simonsen
Velduftande plantevern i skogplanteskular
Skogplanteskular er avhengige av kjemiske plantevernmiddel for å halde sjukdommar
under kontroll. No undersøker forskarar ved NIBIO om ein heller kan bruke «snille»
bakteriar og plantene sitt eige immunforsvar.
Kvart år blir det planta ut 40 millionar grantre
i Noreg. I skogplanteskulane veks småplantene tett
før dei vert planta ut, og sjukdommar kan lett spreie
seg frå ein plante til ein annan. Soppsjukdommen
gråskimmel er spesielt problematisk. Kjemiske
plante vernmiddel blir brukt for å nedkjempe sjukdommen,
men dette medfører ein risiko for menneske
og miljø. I tillegg utviklar gråskimmel lett
resistens mot sprøytemiddel. Forskarar ved NIBIO
undersøker korleis ein kan redusere sprøytemiddelbruken,
ved å stimulere plantene til sjølv å forsvare
seg mot sjukdomsangrep.
– Når eit grantre er under angrep skil det ut metyljasmonat.
Stoffet luktar som jasminblomar, og fungerer
som ei åtvaring til andre tre om at det er fare
på ferde, forklarer NIBIO-forskar Melissa Magerøy.
– Eit tre som detekterer metyljasmonat får beskjed
om å førebu sitt eige forsvar. Når treet faktisk blir
angripe, kan det reagere raskt og aktivere heile forsvaret
sitt. Dermed blir treet meir motstandsdyktig
mot sjukdommar og skadedyr, utdjupar Magerøy.
Magerøy leiar eit prosjekt kor dei skal behandle både
frø og småplanter av gran med metyljasmonat og
«snille» bakteriar for å gjere dei meir motstandsdyktige.
Dei «snille» bakteriane er bakteriar som naturleg
lever i jorda rundt grana. Dei kan anten hemme
sjukdomsorganismar direkte, eller skilje ut stoff som
stimulerer grana sitt eige forsvar.
I prosjektet samarbeider forskarane tett med næringa
for å løyse konkrete og relevante problem. Dei har tru
på at kombinasjonen av metyljasmonat og «snille»
bakteriar vil fungere godt mot gråskimmel.
Formål: Prosjektet har som mål å undersøke om bruken av metyljasmonat og «snille» bakteriar
i skogplanteskular kan redusere bruken av kjemiske plantevernmiddel.
Samarbeid: AgriBiotix AS og Skogplanter Innlandet
Finansiering: Landbruksdirektoratet
Kontakt: Forskar Melissa Magerøy, Divisjon for bioteknologi og plantehelse.
E-post: melissa.mageroy@nibio.no | Telefon: 902 03 375
31