Page 4 - Forskningsetikk 1-2021
P. 4

 – Det kan vere vanskeleg å varsle. Mitt varsel i denne saka blei teke veldig alvorleg, og eg meiner handteringa har vore god, seier Trond Stokke, seniorforskar ved OUS.
Varsla om omfattande fusk
Trond Stokke valde å varsle sine overordna. No er manipulasjon og forfalsking eller fabrikkering avdekt i ein stor bunke forskarartiklar frå Oslo universitetssykehus og Universitetet i Oslo.
TEKST KRISTIN S. GRØNLI FOTO SKJALG BØHMER VOLD
Vi skal omtrent tre år tilbake i tid. Seniorforskar Trond Stokke skriv sitt eige namn inn i søkefeltet på PubPeer, ein nettstad der forskarar anonymt kan flagge problematiske sider ved arbeidet til andre forskarar. Stokke har gjort same søk tidlegare, for å sjekke om nokon har kommentert arbeidet hans, men dette er første gong han får treff.
Ein anonym brukar peikar på to problematiske figurar i ein artikkel frå 2011 som Stokke er medforfattar på. Det gjeld mogeleg duplisering av bilete, altså at same bilete er brukt til å dokumentere forskjellige ting.
Historisk omfattande
– Eg såg nøye på artikkelen eg var med på, og byrja å lure, fortel Stokke, som er tilsett ved Institutt for kreftforskning ved Oslo universitetssykehus (OUS).
Det er ikkje noko i vegen med den delen av artikkelen som dokumenterte eksperiment frå Stokke sitt laboratorium, men det er problem med andre delar av han – problem som seniorforskaren ikkje hadde lagt merke til tidlegare.
Det neste Stokke gjer frå sitt kontor, skal munne ut i ei av dei største granskingane av vitskapleg ureielegheit i historia til både OUS og Universitetet i Oslo (UiO).
I søkefeltet på PubPeer skriv han inn
namna på alle dei norske og kinesiske forfattarane frå den problematiske artikkelen. Ved søk på det siste namnet
på forfattarlista dukkar det opp heile
6–7 flagga artiklar. Sisteforfattaren har alltid eit særskilt ansvar for innhaldet i ein vitskapleg artikkel.
Identiske bilete og figurar
Vedkomande sisteforfattar er på dette tidspunktet tilsett ved Klinikk for labora­ toriemedisin (KLM) ved OUS og leiar for ei forskargruppe der. I tillegg har han ei bistilling ved Medisinsk fakultet ved UiO.
Mange av problema som blir framheva på PubPeer, liknar kvarandre. Identiske
  4 FORSKNINGSETIKK | NR. 1 | 2021

















































































   2   3   4   5   6