Page 6 - Forskningsetikk 1-2021
P. 6

John­Torgils Vaage, avdelingsleiar ved Avdeling for immunologi og transfusjons­ medisin ved OUS.
– Det er snakk om ei alvorleg sak med manglande kontroll over forskings­ aktiviteten i eiga gruppe. Vedkomande blei teken heilt ut av forskingsarbeid og avslutta difor også si bistilling ved universitetet, skriv Vaage i ein e­post.
Smeland fortel at vedkomande er gått over i ein annan type stilling ved OUS.
Det har ikkje lukkast Magasinet Forskningsetikk å kome i kontakt med den tidlegare gruppeleiaren, men ifølge rapporten frå reielegheitsutvalet tok han ansvar for feila som kom fram. Han beklaga at dei ikkje hadde vorte oppdaga tidlegare. Samtidig meinte han å ha hatt tilstrekkelege rutinar for å førebygge ureielegheit i forsking.
Det blei også gjort endringar når det gjaldt forskargruppa. I første fase blei ho sett under administrasjon. Det innebar at leiinga på avdelinga hadde samtalar med alle forskarane i gruppa, og vidare forsking og publisering måtte avklarast med forskingsleiar på avdelinga, ifølge Vaage.
Norsk–kinesisk samarbeid
På fleire av dei granska artiklane oppgir gruppeleiaren tilhøyr ved eit universitets­ sjukehus i Kina i tillegg til OUS og UiO. Mange av førsteforfattarane oppgir også delvis eller heilt kinesisk tilhøyr.
Ein stor del av medforfattarane elles oppgir berre kinesiske institusjonar.
Granskinga viser også at ein god del av laboratoriearbeidet er gjort i Kina. Delar av datamaterialet har berre vore lagra i Kina, og ikkje ved OUS eller UiO.
– Opplegget med at så mykje arbeid er gjort i Kina med manglande oppsyn, er ikkje bra, meiner ekstern granskar Linder.
– Innsyn i data er ei generell utfordring ved internasjonalt samarbeid. Språk­ barrieren har verka forsterkande i dette tilfellet, seier Smeland.
Opplegget med at så
mykje arbeid er gjort
i Kina med manglande
oppsyn, er ikkje bra.
Stig Linder
Openberre feil
Felles redelighetsutvalg understrekar at ein del av feila i dei granska artiklane, for eksempel gjenbruk av figurar, er nokså openberre. Desse burde vore avslørte ved ei grundig gjennomlesing av manuskriptet før innsending.
«I fleire tilfelle hadde medforfattarane utvilsamt god mogelegheit til å avsløre slike brot», skriv utvalet.
Andre stader er feila mindre iauge­ fallande.
– Då eg først såg på artikkelen eg hadde vore med på, måtte eg sjå på dei aktuelle figurane ei stund, og justere intensiteten på bileta, for å legge merke til problemet, fortel Stokke.
Det skulle altså vesentleg meir til enn det han vanlegvis brukar av energi som medforfattar.
– Alle medforfattarar har eit medansvar, meg sjølv inkludert, men det går ei grense for kor mykje tid vi kan bruke. I utgangs­ punktet må vi stole på at folk ikkje fuskar, seier han.
Doktorgrader ikkje underkjente
Gruppeleiaren som får hovudansvaret, har vore rettleiar for både norske og kinesiske doktorgradsstudentar. Fleire av dei granska artiklane er del av avhandlingar som er leverte inn ved UiO dei siste ti åra, opplyser Ivar Gladhaug i ein e­post. Han er dekan ved Medisinsk fakultet.
– I to tilfelle er ein artikkel i avhandlinga trekt, fortel han.
Desse avhandlingane er likevel ikkje underkjente i ettertid.
– Årsaka er at avhandlingane består både av ei såkalla kappe – altså eit vitskapeleg samandrag og ein diskusjon, og fleire andre publikasjonar der det ikkje er mistanke om vitskapleg ureielegheit, informerer Gladhaug.
   16 granska artiklar
REIELEGHEITSUTVALET SI VURDERING (V) OG ANBEFALING (A), OG NOVERANDE STATUS (S)
1
V Vitskapleg ureieleg, sannsynleg forsett. Same kontrollstripe i to forskjellige western blot
A Korrigendum eller trekking S Korrigendum
9
V Vitskapleg ureieleg, forsett- leg eller grovt aktlaust. Dupliserte og manipulerte figurar, alvorlege feil og manglar, stor mangel
på grunnlagsdata A Trekking
S Uendra
10
V Brot på god forskingspraksis. Duplisering av bilete
A Korrigendum eller trekking S Uendra
3
V Ikkje i samsvar med god vitskapleg praksis. Brukt ulike utsnitt av same mikroskopiske bilete
A Korrigendum S Korrigendum
11
V Brot på god forskingspraksis. Duplisering av bilete
A Korrigendum S Uendra
4
V Vitskapleg ureieleg, forsettleg forfalsking, mogeleg fabrikasjon. Dupliserte og forfalska/fabrikkerte kurver. Tvilsamt om tilsendte rådata verkeleg er grunnlagsdata
A Trekking S Uendra
    12
V Vitskapleg ureieleg, sannsynleg forsett. Duplisering av bilete
A Korrigendum eller trekking S Trekt
    6 FORSKNINGSETIKK | NR. 1 | 2021
2
V Vitskapleg ureieleg, sannsynleg forsett. Fleire dupliserte og manipulerte bilete
A Korrigendum eller trekking S Trekt
 










































   4   5   6   7   8