Page 5 - Forskningsetikk 1-2021
P. 5

 bilete og figurar, nokre tilsynelatande manipulerte, er brukte for å dokumentere ulike eksperiment. Bileta er genererte via ulike vitskaplege metodar.
Såkalla western blots dokumenterer undersøkingar av DNA, RNA og protei­ nar. Mikroskopibilete dokumenterer celler og vev. Ulike figurar dokumenterer data frå flowcytometri, ein metode som skil celler frå kvarandre etter storleik og eigenskapar.
Stokke skjønar fort at dette er meir enn ei lita sak.
– Eg vart irritert og sint over å ha blitt blanda inn i noko slikt, fortel han.
Seniorforskaren vel å varsle sine overordna. I tida som kjem, blir fleire problematiske artiklar med same siste­ forfattar flagga på nettstaden.
Ti vitskapeleg ureielege artiklar
– Ein må vere forsiktig med å ta alt på PubPeer for god fisk, men her viste den første interne granskinga ved KLM at mykje av kritikken stemte, fortel Ole Mathias Sejersted.
Han er leiar for reielegheitsutvalet som OUS deler med Medisinsk fakultet ved UiO og Akershus universitetssykehus
– heretter kalla Felles redelighetsutvalg.
I februar 2018 sende KLM saka over dit på grunn av omfanget og alvorsgraden. Utvalet granska til saman 16 artiklar frå forskargruppa på bakgrunn av kritikken frå PubPeer – eit stort og tidkrevjande arbeid.
Utvalet slo fast at problema som blei avdekte, er så mange og alvorlege at store delar av forskingsfunna ikkje er til å stole på. Konklusjonen blei vitskapeleg ureieleg­ heit for 10 av artiklane. Berre éin av artiklane er vurdert som uproblematisk. Mange av artiklane inneheld fleire problem (sjå faktaboks/grafikk).
Utvalet har anbefalt trekking eller korrigendum – det vil seie publiserte rettingar, for alle bortsett frå to av dei granska artiklane. Funna i granskinga er samla i to rapportar.
– Veldig alvorleg
Dei aktuelle forskingsarbeida høyrer heime i kategorien grunnforsking, og fleire av artiklane handlar om kreftceller – spesielt kreftstamceller. Det er ikkje snakk om klinikknær forsking med direkte konsekvensar for pasientar, slik tilfellet var i den mykje omtalte saka om Jon Sudbø frå 2006.
Ole Mathias Sejersted er leiar for utvalet som har granska saka. Foto: Elin Fugelsnes
Dette betyr ikkje nødvendigvis at denne saka er mindre alvorleg, ifølge Sejersted.
– Når det er ureielegheit og feil i så mange artiklar som utvalet har funne her, avslører det ein ukultur som ikkje er akseptabel. Det er grunnen til at denne saka er veldig alvorleg. Sudbø­saka var så klart meir spektakulær, seier Sejersted.
– Forgiftar eit felt
Ingen veit om og eventuelt korleis denne typen grunnforsking blir relevant for akutte medisinske spørsmål, understrekar professor Stig Linder. Han var utvalet sin eksterne ekspert under granskinga og er tilsett ved Karolinska Institutet og Linköpings universitet.
Linder illustrerer skaden denne typen fusk kan gjere, med eit tenkt eksempel. Sjå for deg at nokon forska på viruset som gir covid­19, for fem år sidan, før nokon ante det skulle føre til pandemi.
– Dersom det blei publisert mange feilaktige grunnfunn om korleis viruset fungerer, ville dette forgifta forskingsfeltet. Fem år etter kunne det verka negativt for utviklinga av vaksiner, seier Linder.
Kort fortalt er det ikkje bra å gå i gang med utvikling av behandling eller legemiddel på feil premissar.
Mangla grunnlagsdata
Felles redelighetsutvalg gjorde også ei nærmare gransking av 3 av dei 16 artiklane. Her avdekte granskarane endå fleire alvorlege problem med figurar og bilete enn det som kom fram på PubPeer.
I tillegg blei det oppdaga manglande avtalar om utlevering av både sensitive pasientdata og humant biologisk materiale.
Sist, men ikkje minst kom eit stort fråvær av grunnlagsdata for dagen. Der utvalet fekk tilsendt rådata,var det til dels
tvilsamt om dei verkeleg var grunnlags­ data for artikkelen. Dermed kan ikkje utvalet sjå bort frå at data er fabrikkerte.
– Omfattande manipulering og forfalsking av bilete og figurar har gått føre seg, og det har til dels vore krevjande å vurdere kva som er slurv, og kva som er vitskapeleg ureielegheit, seier Sejersted.
I fleire av artiklane er det likevel så mange alvorlege problem at det ikkje har vore vanskeleg å sjå sannsynsovervekt for enten forsett eller grov mangel på aktsemd, ifølgje utvalet.
Kven fuska?
Trass i den omfattande og tidkrevjande granskinga er det framleis uklart kven som faktisk har utført forskingsfusket.
– Vi har ikkje sett det som naudsynt å gå inn i kva kvar enkelt forfattar har bidratt med, seier Sejersted.
Utvalet peikar likevel ut gruppeleiaren ved KLM som ansvarleg. Vedkomande er sisteforfattar på 12 av dei granska artiklane, og medforfattar på dei andre.
Som nemnt seier rekkefølga på forfattarane noko om bidraget frå kvar enkelt til ein forskarartikkel. Førsteforfattar er gjerne ein yngre forskar som har stått for mykje av arbeidet – for eksempel ein doktorgradsstudent. Sisteforfattar er ofte ein senior, gjerne også rettleiar og mentor for førsteforfattar. Sisteforfattar er også gjerne leiar av ei forskargruppe, slik tilfellet er for fleirtalet av dei 16 granska artiklane.
Dette er bakgrunnen for at Felles redelighetsutvalg meiner gruppeleiaren har eit hovudansvar i denne saka.
Trass i at fire av artiklane ikkje har gruppeleiaren som verken siste­ eller førsteforfattar, har OUS ingen planar om å gjere nærmare undersøkingar av kven som har gjort kva. Det opplyser Erlend Smeland, direktør for forsking, innovasjon og utdanning.
– Felles redelighetsutvalg har gjort ein uvanleg grundig jobb med granskinga. Det vil vere svært krevjande å få ut meir informasjon. Eg trur dette er så langt vi klarer å kome, seier han.
– Vil det dermed forbli uklart kven som faktisk utførte fusket?
– Ja.
Får ikkje forske
Ut over følgjene for artiklane har saka først og fremst fått konsekvensar for gruppeleiaren ved KLM. Det opplyser
  FORSKNINGSETIKK | NR. 1 | 2021 5

























































   3   4   5   6   7