Page 7 - Forskningsetikk 1-2021
P. 7

Det er uklart kor mange av artiklane elles som er del av norske eller kinesiske doktorgrader.
– Handlar om tillit
Verken Smeland eller Stokke trur denne saka ville blitt avdekt utan PubPeer.
– Om ikkje eg hadde fanga opp kommen­ tarane på PubPeer, ville sikkert nokon andre ha lagt merke til kommentarane etter kvart, seier Stokke.
Han er likevel usikker på om varsling er ryggmergsrefleks for alle forskarar som kjem borti slike saker.
– Eg er over 60 år og kan opne munnen utan at det får store konsekvensar. Det er ikkje alltid like greitt å varsle når ein er i ein meir utsett posisjon og kanskje har ein meir usikker jobb, seier Stokke.
Smeland seier han håper alle føler seg trygge nok til å melde frå om slike saker.
– Vi ønsker slikt til livs. Eg ser på det litt som dop i idretten. Saker som dette skjemmer forskinga og er eit alvorleg problem. Eg er veldig nøgd med den kollegiale justisen som er uttrykt ved at personar ved vår eigen institusjon har varsla i denne saka. All honnør til dei som har plukka opp dette, seier han.
For Stokke var det viktig å få rydda opp.
– Det handlar om tillit. Dersom folk mistar tilliten til meg som forskar, så har eg ingen andre bein å stå på, seier han.
Institusjonane får skarp kritikk
Oslo universitetssykehus og Universitetet i Oslo utøvde ikkje systemansvaret sitt på ein god måte, meiner reielegheitsutvalet som granska forskingsfusket.
Det omfattande forskingsfusket gjekk føre seg over lang tid. Den eldste granska artikkelen stammar frå 2005, medan dei nyaste er frå 2017.
Sidan saka omfattar så mange artiklar med så mange forskjellige forfattarar, er det sannsynleg at manglande opplæring er eit problem som ligg bakom, og at dette er ein institusjonell systemfeil, ifølge reielegheitsutvalet.
Gode rutinar for opplæring er eit linjeansvar og kan ikkje berre leggast på gruppe­ eller prosjektleiar, fastslår utvalet.
– Vi tek systemkritikken veldig alvorleg, og det er viktig for oss å følgje han opp, seier Erlend Smeland, direktør for forsking, innovasjon og utdanning ved OUS.
Organiseringa av forskingsgrupper og opplæringa av gruppeleiarar og rettleiarar har blitt styrkt dei siste åra, opplyser han. OUS har også retta meir merksemd
mot god forskingskultur gjennom seminar og kurs.
Datahandtering
Andre delar av institusjonskritikken handlar om manglande verktøy til innsamling og lagring av labdata, og at grunnlagsdata og tilarbeidde resultat ikkje har vore oppbevarte på ein forsvarleg eller sikker måte. Dette gjeld også sensitive pasientdata.
– Når det gjeld datasystem, arbeider begge institusjonane med å betre dette. Vi planlegg eit system med elektronisk forskingslogg som vil gi betre oversikt og innsyn i alle data i kvart prosjekt, seier Smeland.
Han understrekar at institusjonane har lagt stor vekt på personvern og handtering av pasientdata, spesielt etter innføringa av den nye europeiske personvernlovgjevinga GDPR i 2018.
5
V Vitskapleg ureieleg, sannsynleg forfalsking eller fabrikkering. Gjenbruk av bilete, grove mistolkingar og forfalsking av data i fleire figurar, stor mangel på grunnlagsdata
A Trekking S Uendra
13
V Ikkje alvorleg forskingsetisk brot. Utelatt bildemateriale
og urimeleg eller feil bruk av statistikk
A Korrigendum S Uendra
6
V Vitskapleg ureieleg, i det minste grovt aktlaust. Dupliserte mikroskopibilete, ulike utsnitt av same mikroskopibilete
A Korrigendum eller trekking S Uendra
14
V Ikkje i samsvar med god forskingspraksis, alvorleg systemfeil. Feilmerking av røyr med celler
A Ytterlegare korrigering ikkje naudsynt
S Tidlegare korrigendum
7
V Vitskapleg ureieleg,
i det minste grovt aktlaust. Manipulasjon med bildedata, duplisert figur
A Korrigendum eller trekking S Trekt
15
V Ikkje grunnlag for kritikk A–
S Uendra
8
V Vitskapleg ureieleg, fabrikkering eller forsettleg manipulasjon. Manipulerte bilete, urimelege data for vektutvikling hos rotter
A Trekking S Uendra
    16
V Vitskapleg ureieleg, fabrikasjon av data og grov bildemanipulasjon. Dupliserte bilete, heilt konstruerte figurar
A Trekking S Uendra
      FORSKNINGSETIKK | NR. 1 | 2021 7

















































   5   6   7   8   9