Page 16 - Forskningsetikk 2-2022
P. 16

 Prioriterer etterforsking
av kreftstudie
For første gong etterforskar politiet om det har skjedd straffbare brot på helseforskingslova.
Helseforskingslova, som blei ved­ teken i 2008, skal fremje god og etisk forsvarleg medisinsk og
helsefagleg forsking. Det er ikkje kvardags­ kost at politiet i Noreg etterforskar saker med forankring i forskingsetikk.
Mogelege brot på helseforskingslova har aldri før vore gjenstand for politi­ etterforsking. No er ein kreftstudie med pasientar frå sjukehus i heile landet
i politiet sitt søkjelys.
Auka risiko
I perioden 2018–2020 tok Haukeland universitetssjukehus (HUS) 31 pasientar med i eit vent­og­sjå­opplegg for pasien­ tar med endetarmskreft, gjennom for­ skingsprosjektet Norwait (sjå faktaboks). Dette trass i at kreften til fleire av pasien­ tane ikkje var heilt borte etter stråle­ behandling.
Sjukehuset har seinare erkjent at dette var i strid med studieprotokollen, at fleire av pasientane ikkje skulle vore inkluderte i studien, og at dette auka risikoen for forverra sjukdom og tidleg død.
Konsekvensane blei alvorlege. Ei student­ oppgåve frå oktober 2020 viste at ein fjerdedel av Haukeland­pasientane i pro­ sjektet hadde fått gjenvekst og spreiing av kreften. Minst to av pasientane i gruppa var døde.
TEKST KRISTIN S. GRØNLI
Sidan den gong kan tala ha auka, men det vil ikkje sjukehuset seie noko om til Magasinet Forskningsetikk.
I tillegg til politiet har både Statsfor­ valtaren, Helsetilsynet og Norsk pasient­ skadeerstatning (NPE) saka på sine bord no.
Etterforskar fleire sjukehus
– Dette har ein viss prioritet og krev ein forsvarleg innsats frå vår side, seier politi­ advokat Erik Rand i Sør­Vest politidistrikt.
Politiet skal gjere undersøkingar fleire stader i landet. Sjølv om feilinkluderinga av pasientar skjedde ved HUS, var Nor­ wait ein multisenterstudie med prosjekt­ leiar frå Stavanger universitetssjukehus (SUS) og totalt åtte forskingsansvarlege institusjonar.
Det er etablert ei eiga arbeidsgruppe med to påtalejuristar og fire etterforskarar, likt fordelt mellom Sør­Vest og Vest politi­ distrikt. Etterforskinga blir leia frå Sand­ nes politistasjon.
Saka kom først til Helsetilsynet frå vars­ lar Hans Wasmuth. Han meinte at proto­ kollbrota hadde ført til uønskte og alvor­ lege hendingar, at dette ikkje blei meldt
til Helsetilsynet slik det skulle, og at ein
i staden prøvde å dekkje over det som hadde skjedd.
Deretter melde Helsetilsynet saka til politiet.
– Vi melde saka fordi vi ser på ho som alvorleg, og fordi det kan dreie seg om straffbare forhold, seier Toril Sagen. Ho er underdirektør for Avdeling for tilsyns­ og klagesaker i helse­ og omsorgstenesta ved Statens helsetilsyn.
I helseforskingslova er det paragraf 54 som set rammene for straff. Her står det at den som forsettleg eller grovt uaktsamt bryt lova, kan få bøter eller fengsel i inntil eitt år, og inntil tre år ved særleg skjerpan­ de omstende.
– Meiner Helsetilsynet dermed at det kan vere snakk om forsettlege eller grovt uaktsame brot på helseforskingslova?
– Det er rett forstått, men dette er det altså politiet som skal etterforske, seier Sagen.
Hentar inn kompetanse
Verken Rand eller Sagen vil seie noko meir konkret om kva Helsetilsynet si melding til politiet går ut på – ei heller om ho gjeld institusjonar, personar eller begge delar.
– Det er ein del av etterforskinga å avklare kven som er dei mogelege ansvar­ lege, seier politiadvokaten.
Møtereferat frå sjukehusa oppgjer at det er føretaka HUS og SUS som er melde. Rand er ikkje kjend med at politiet
tidlegare har etterforska mogelege brot på helseforskingslova. Det er ikkje Sagen heller.
  16 FORSKNINGSETIKK | NR. 2 | 2022



































































   14   15   16   17   18