Page 17 - Forskningsetikk 2-2022
P. 17

   – Dette blir litt nybrottsarbeid. Vi må tolke lov­ og forskriftsbestemte krav til forskingsansvarlege, for eksempel krav til forsvarleg organisering og gjennomføring av forsking, seier Rand.
Han fortel at det krev meir arbeid frå politiet si side når dei ikkje er godt kjende med rettsområdet frå før. Naudsynt kompetanse blir difor henta utanfrå, mellom anna frå Helsetilsynet.
– Utover hausten vil politiet ta meir tradisjonelle etterforskingsskritt, seier Rand.
Statsadvokaten i Rogaland vil påtale­ avgjere saka, og tek stilling til om det er grunnlag for førelegg eller tiltale.
Forskingsansvarleg
Omgrepet forskingsansvarleg blei først innført i lovverket i 2008. Det skulle gjere systemansvaret tydelegare. Magne Nylenna, professor emeritus ved Universitetet
i Oslo (UiO), leia det offentlege utvalet som greia ut eksisterande regulering og foreslo helseforskingslova (NOU 2005:1).
– Tidlegare låg mykje av ansvaret på enkeltpersonar. Vi la vekt på ei institusjons­ forankring og eit overordna ansvar for internkontroll med forskinga, seier han.
Heller ikkje Nylenna kjenner til andre saker der politiet har etterforska brot på dette lovverket. Han viser derimot til ei sak i 1880 der den kjende spedalsklegen Gerhard Henrik Armauer Hansen blei
dømd for lekamsfornærming etter for­ sking på leprasmitte i Bergen.
Nylenna understrekar at både helse­ tenesta og helseforskinga i stor grad er baserte på objektivt ansvar. For eksempel kan pasientar få erstatning for pasient­ skadar frå NPE utan at det blir slått fast at nokon har subjektiv skuld.
– Det viktigaste er å avdekkje kva som har skjedd, så ein kan redusere risikoen for at slikt skjer igjen, seier Nylenna.
Ein del av etterforskinga er å avklare kven som er dei moglege ansvarlege. Erik Rand
– Meir alvorleg
Jannicke Bruvik er pasient­ og brukar­ ombod i Vestland og nasjonalt koordine­ rande ombod. Ho er samd i at alle korta må på bordet for å redusere faren for gjentaking.
– Dersom aktørar har brote norsk lov og difor sett pasientar i fare i forsking, meiner eg det er rett at politiet ser på dette, seier Bruvik.
– Vi er i ein startfase. Målet med etterforskinga er å avklare om det er grunnlag for ein straffe- rettsleg reaksjon, seier politiadvokat Erik Rand i Sør-Vest politidistrikt. Arkivfoto: Ole Andreas Bø/NRK
Sjølv om det blir gjort feil i helsevesenet kvar dag, er det annleis og meir alvorleg når det er snakk om forsking, meiner ho.
– Her er det ikkje ein akutt situasjon, der ein ofte må ta vanskelege avgjersler – kanskje med mangelfull informasjon. Dette er nøye planlagd forsking.
Bruvik legg vekt på at kriteria for å ta pasientar med i slike studiar er detaljerte og strenge, og at studieprotokollen gir klare reglar for gjennomføring og oppfølging.
– Når sårbare pasientar seier ja til å vere med i forsking, skal dei ha minst like god behandling som dei ville fått elles. I staden blei dei her utsette for større risiko fordi ein ikkje følgde studieprotokollen og dei juridiske og etiske reglane for helsefor­ sking.
  FORSKNINGSETIKK | NR. 2 | 2022 17
Norwait
Standardbehandling for pasientar med endetarmskreft er operasjon. Ein del får strålebehandling først. Svulsten går heilt tilbake for nokre av desse.
Forskingsprosjektet Norwait skulle undersøkje effekten av eit vent-og-sjå- opplegg for pasientar utan spor av kreften etter strålebehandling. Kanskje dei kunne sleppe operasjon. Multisenter-studien hadde åtte forskingsansvarlege verksemder:
sju sjukehus, blant dei Haukeland universitetssjukehus, i tillegg til Kreftregisteret.
Stavanger universitetssjukehus hadde prosjektleiar og var koordinerande forskingsansvarleg for studien.








































































   15   16   17   18   19