Page 20 - Forskningsetikk 3-2021
P. 20

Kallar Livsvitskapsbygget
historielaust
– At ingen rom i herberget er tiltenkt humaniora eller samfunnsvitskap, tyder på ei utdatert forståing av kva livsvitskap er, seier professor Jan Helge Solbakk.
TEKST KRISTIN S. GRØNLI
Med sine over 97 000 kvadratmeter
skal Livsvitskapsbygget ved
Universitetet i Oslo (UiO) bli det største universitets- og sjukehusbygget i landet.
Grave- og grunnarbeidet er fullført. Bygget skal vere klart i 2026. Kostnads- ramma er komen opp i omtrent 12 milliar- dar kroner. Jan Helge Solbakk, professor ved Senter for medisinsk etikk (SME) ved UiO, er i utgangspunktet positiv til prosjektet.
– Det er eit flott initiativ, seier han.
Ei rekke naturvitskaplege og medisinske miljø er tiltenkt plass, men så langt ingen frå humaniora eller samfunnsvitskap.
– Det er dette som er nedslåande, seier SME-professoren.
Avgjerande med nær kontakt
Solbakk viser til at livsvitskapen er ei viktig drivande kraft i utviklinga av både medisin og samfunn, med stort potensial til å endre livsvilkåra til folk på ulike måtar.
– Dette medfører kritisk viktige etiske, samfunnsmessige og filosofiske spørsmål. Då er det avgjerande med nær kontakt mellom forskarar som nærmar seg desse spørsmåla, og forskarar som utfører naturvitskapleg grunnforsking og klinisk forsking, seier Solbakk.
Han meiner ei viss samlokalisering er naudsynt for å sørge for at samarbeidet blir tett nok mellom miljø frå medisin og naturvitskap (mednat) og humaniora og samfunnsvitskap (humsam).
– Difor er det høveleg å spørje kvifor planleggarane av bygget opererer med ei så smal og reduksjonistisk forståing av livsvitskap, seier Solbakk.
Avviser kritikken
Per Morten Sandset er viserektor ved UiO og leier arbeidet med utviklinga av den
faglege delen av bygget. Han forstår ikkje kritikken.
– Livsvitskapsbygget er berre éin del av den store livsvitskapsatsinga ved UiO. Satsinga som heilskap omfattar alle fakultet, og humsam spelar ei stadig meir sentral rolle, seier Sandset.
Han anslår at berre halvparten av UiO-forskarane som driv med livsvitskap, faktisk vil få plass i bygget. Store delar av bygget vil dessutan vere forskings- og undervisningslaboratorium med avansert utstyr.
– Mange har ønskt seg plass, men det er kanskje ikkje så meiningsfylt at humsam- forskarar skal sitte ved laboratoriebenkar i Livsvitskapsbygget? seier Sandset.
Solbakk peikar på at fleire av dei frem- ste livsvitskapsmiljøa i USA går mot
samlokalisering. Han viser mellom anna til Jeantin Lunshof ved Wyss Institute ved Harvard University. Ho arbeider med filosofisk forskingsetikk innan genom- forsking og biologiske ingeniørfag.
Det filosofiske og etiske arbeidet utfører Lunshof som fulltids-etikar på golvet på laboratoriet.
– Ho er eit glimrande eksempel, seier Solbakk.
Sandset stadfestar at det så langt ikkje er tildelt plass i bygget til humsam-forskarar, men viser til planar om at tverrfaglege forskingsgrupper skal vere i bygget i periodar (sjå faktaboks). Her vil det kunne dukke opp humsam-forskarar.
Dessutan understrekar Sandset at ikkje alt er bestemt endå.
   20 FORSKNINGSETIKK | NR. 3 | 2021






































































   18   19   20   21   22