Page 21 - Forskningsetikk 3-2021
P. 21

   – Eg er lei av at humsam skal vere pynten, medan mednat skal stå for hovudingrediensane, seier professor Jan Helge Solbakk. Foto: privat
– Kan det hende at nokre humsam­ forskarar får plass likevel?
– Det er ikkje utelukka. Foreløpig er det i alle fall ingen som kan seie at det ikkje vil kome humsam inn i dette bygget, seier Sandset.
I UiO si eiga oversikt over kven som skal inn i bygget, er det likevel ikkje nemnt verken aktørar eller tema frå humsam.
– Treng tett samarbeid
– Eg trur ikkje dette handlar om motvilje, men ei grunn og historielaus forståing av kva omgrepet livsvitskap omfattar, seier Solbakk.
Viserektor Per Morten Sandset understrekar at ikkje alt er bestemt endå.
Foto: Jarli & Jordan / UiO
Han synest ikkje humsam-forskarar lenger skal nøye seg med å forske på implikasjonane av kunnskapen og tekno- logien som dei «ekte» livsvitskap-forska- rane, altså dei frå mednat, produserer.
– Ein slik innfallsvinkel er fundamen- talt feil, men forklarer kanskje kvifor det ikkje er sett av rom i bygget til humsam, seier han.
Solbakk viser til den historiske utvik- linga og korleis humsam sitt oppdrag i livsvitskapen har endra seg. I dag skal humsam-perspektiv vere til stades på alle trinn.
– For å identifisere dei mest relevante, interessante og fruktbare forskingsspørs- måla treng vi eit tett samarbeid. Det vil gi mykje betre forsking og meir relevant kunnskap, seier Solbakk.
Ein møteplass for alle
Ein rask kik på UiO sin strategi for livsvit- skap viser at humsam er tydelegare priori- tert her, enn i planane for Livsvitskaps- bygget.
Strategien framhevar konvergens, altså samspel og tverrfaglegheit, som overordna perspektiv. Under denne paraplyen er «livsvitskap, etikk og samfunn» definert som eitt av seks spesielt sentrale tema.
Sandset er likevel ikkje samd i at denne delen av strategien ikkje blir reflektert i Livsvitskapsbygget.
Det kommande Livsvitskapsbygget skal legge til rette for tverrfagleg forsking, men ingen miljø frå humaniora eller samfunnsvitskap (humsam) har fått plass så langt. Illustrasjon: Statsbygg
– Vi prøver å gjere det slik at dei ulike forskingsmiljøa i bygget blir tvinga til å møte kvarandre og samhandle på nye måtar. Dessutan blir bygget laga som ein møteplass for alle som er involverte i livsvitskap ved UiO, også dei som ikkje får fast plass der, seier han.
Sandset meiner alle dei leiande UiO- miljøa innan livsvitskap allereie har med seg humsam frå planleggingsstadiet.
– Kjem til å trenge oss
Staben ved Senter for medisinsk etikk (SME) sende sine innspel om Livsvit- skapsbygget til Det medisinske fakultet i 2019. Her går det fram at dei meiner senteret høyrer heime i bygget.
Reidar Pedersen er professor og leiar for SME. Han meiner det er svært under- leg at senteret ikkje har fått plass.
– Eit fagmiljø som SME, med 30–40 tilsette, har sannsynlegvis ein varig funk- sjon for aktørane i eit slikt bygg, seier han.
Det handlar mellom anna om kompe- tanse til å bygge framifrå forskingsmiljø og til å fremje integritet, grunnleggande verdiar og brukarmedverknad i alle steg i forskinga.
– Då er det litt rart om forskarar med spesiell kompetanse på dette skal flytte inn og ut avhengig av om prosjektleiar prioriterer dette. Dei som skal vere i bygget, kjem til å trenge vår type kompe- tanse, seier Pedersen.
   FORSKNINGSETIKK | NR. 3 | 2021 21
Desse er tiltenkt plass
• Klinikk for laboratoriemedisin (OUS), 620 tilsette
• Kjemisk institutt, 230 tilsette
• Farmasøytisk institutt, 220 tilsette – 280 masterstudentar
• Livsvitskap, 350 tilsette, inkludert:
– Norsk senter for molekylær­
medisin, 120 tilsette
– tilsette knytte til kjernefasilitetar
for strukturbiologi, kjemisk biologi
og computational life science
– tilsette knytte til proteomikk,
imaging, elektronmikroskopi og
modellorganismar
– tverrfaglege forskingsgrupper som
får mogelegheit til samlokalisering over kortare eller lengre tid
Kjelde: UiO

























































   19   20   21   22   23