Page 13 - Hjerne Det!_2_2022
P. 13
SEKSJON FOR SPESIELL ENDOKRINOLOGI I 2021:
Hypofyseforsking
I 2021 har vi jobba med å endra forskingsadministrasjon- og struktur ved seksjon for spesiell endokrinologi, avdeling for endokrinologi, sykelig overvekt og forebyggende medisin, ved medisinsk klinikk Oslo universitets- sjukehus. Vi har òg jobba vidare med forskingsprosjekta på hypofysesjukdom og planlagt for nye studiar framover.
Hypofysen er eit hormonproduse- rande organ like på undersida av hjernen. Hypofysen produserer fleire ulike hormon som er involverte i livsviktige prosessar gjennom heile livet vårt; til dømes energiforbruk, døgnrytme, handtering av stress, vekst, kjønnsmogning og forplantningsevne.
Vi forskar på ulike hypofysesjukdomar, hypofysesvikt, hypofysesvulstar og behandlinga av desse, enten med medisinar eller kirurgi. Målet vårt er
å forstå korleis desse sjukdommane påverkar liva til pasientane våre, og korleis vi kan tilby best behandling og oppfylging til den enkelte pasienten.
Studien på stumme hypofyseaden- om som starta ved utgangen av 2014, vart ferdig med å samle deltakarar mot slutten av 2021, og vi kan byrje å sjå på dei første resultata av denne studien det komande året. Formålet med studien er å undersøkje for markører i blod, svulst- vev eller på MR ved operasjon av hypo- fysesvulsten, som kan forutseie om det er fare for at svulsten veks attende.
Det er framleis fleire år med oppfylging att før alle resultata er ferdige. Vi håpar at studien kan gje oss resultat som kan leie til betre oppfylging etter operasjon for pasientar med hypofysesvulstar. Samstundes håpar vi at studien kan bidra til å kartleggje mekanismar som leier til aggressiv vekst av desse svulsta- ne, samt kva helseproblem pasientane opplever på sikt.
Vi har i år fått på plass ei felles samtykkeordning (breidt samtykke), samt felles register og biobank for forsking på hypofysesjukdom. Dette inneber at når ein samtykker til å delta
i hypofyseforskinga ved seksjonen,
så kan informasjonen brukast i framtidige prosjekt. Dette er til dømes gunstig når ein forskar på sjeldne sjukdomar i hypofysen som Cushings sjukdom og hypofysitt (betennelse i hypofysen), då det tar lang tid å samle nok deltakarar til forskinga. All forsk- ing tilhøyrande den felles samtykke- løysinga må godkjennast av regional etisk komité (REK) og personvernom- budet ved OUS på same måte som tidlegare. Vi håpar at dette vil vere lettare å forhalde seg til både for dei som deltar i forskinga, og dei som arbeider med henne. Informasjon om studiane knytta til det breie samtykket finn ein på nettsida til OUS. Pasientar som vert fylgde opp hjå oss for svulstar eller betennelse i hypofysen, vil bli spurde om å signere breidt samtykke.
I løpet av 2021 har fleire medarbei- darar i prosjekta våre utmerka seg internasjonalt. To av våre medarbeida- rar presenterte resultat frå prosjekta sine på den europeiske endokrinologi- kongressen (e- ECE 2021 | ESE våren 2021. Kjersti N. Markussen presenter- te forskingsdata på skilnader i hormon- produksjonskjeda mellom enkelte stumme og hormonproduserande hypofysesvulstar. Camilla Maria Falch, som er stipendiat ved seksjon for spesiell endokrinologi, presenterte resultat på førekomst av akromegali, samt førekomst av kreft og overleving ved denne tilstanden. Forskar Nicoleta Cristina Olarescu vann i 2021 Jens Sandahl Christiansens pris, som skal delast ut på ECE i mai 2022. Denne prisen vert gjeven til ein forskar som har utmerka seg med klinisk forsking på metabolske tilstandar. Dr. Olarescu har i lengre tid forska på effektar av veksthormon på sukker- og fettstoff- skiftet, på bein og fettvev. No er hennar hovedfokus forsking på hypofysesvulstar. Vi er stolte over
å ha henne i vår forskingsgruppe. Seksjonen har også bidratt i ein
internasjonal studie som undersøkte eit protein som kan vere involvert i utviklinga av dei mest aggressive hypofysesvulstane. Studien konklu- derte med at å undersøkje for dette proteinet kunne bidra til å kartleggje risiko for aggressiv vekst av hypofyse- svulstar, og føre til tettare oppfylging for dei pasientane det gjaldt (1).
Nokre av pasientane og tilsette
ved seksjonen har deltatt i prosjektet Involver Meg som har utvikla og prøvd ut eit digitalt kommunikasjonsverktøy mellom pasientar og helsepersonell. Deltakarane har i dette prosjektet kartlagt og formidla symptoma sine, og lagt fram kva for informasjon dei treng før avtalt konsultasjon på sjukehuset.
I 2021 vart det publisert eit arbeide der det vart undersøkt kva for hindringar og ressursar som var til stades blant brukarar av ordninga, og som kunne påverke implementeringa av det digitale kommunikasjonsverktøyet.
2022 blir eit spanande år for hypofyseforskinga ved seksjon for spesiell endokrinologi. Me ynskjer velkomne to nye stipendiatar som skal sjå på molekylære skilnadar mellom ulike hypofyseadenom, og på bilde- undersøkingar ved svulstar i hypo- fysen. Anders Jensen Kolnes leverte i juni 2021 PhD-avhandlinga si med tittel – «Non-functioning pituitary adenomas: complications, prognostic factors and tumor behavior», og skal forsvare denne i mai 2022. Vi har fått fleire nye medarbeidarar i løpet av 2021 som kjem til å bidra inn i forskinga. Vi har tru på og forvent- ning til at det kjem viktige og spanan- de resultat ut ifrå prosjekta våre i tida framover.
Med venleg helsing Kristin Astrid Øystese Anders Palmstrøm Jørgensen Jens Bollerslev På vegne av forskings- gruppa for hypofysesjukdom ved seksjon for spesiell endokrinologi
REFERANSE
1. (Casar-Borota et al; Corticotroph aggressive pituitary tumors and carcinomas frequently harbour ATRX mutations. J Clin Endocrinol Metab. 2021 Mar
HJERNE DET " 2/2022 13