Page 23 - Grønn Kunnskap 2023
P. 23

  Karanteneskadegjerar oppdaga i tomatfrø
Mange gler seg over å ha eigenproduserte planter i kjøkkenhagen, men dei frodige vekstane kan og skape problem. Frøa kan vere berarar av skadelege organismar, og nyleg har forskarar ved NIBIO oppdaga ein ny karanteneskadegjerar i tomatfrø.
All form for plantemateriale kan innehalde fleire typar potensielt skadelege organismar, slik som sopp, virus, insekt, bakteriar og nematoder. Import av plantemateriale til Noreg utgjer dermed ein risiko for at vi importerer nye, skadelege organismar til landet.
Gjennom prosjektet StopPest arbeider forskarar
i NIBIO med å kartleggje denne risikoen. Dei har mellom anna sett på moglege sjukdommar som finst i frø som vert seld på hagesenter.
I tomatfrøa gøymde det seg ein uvelkomen over­ rasking, nemleg karanteneskadegjeraren «potato spindle tuber viroid». Viroidet kan gi store avlingstap både i potet­ og tomatproduksjon, men vert først og fremst rekna som ein trussel mot tomatproduksjon i veksthus. Ifylgje Mattilsynet er
det enno ikkje påvist i verken tomat­ eller potet­ produksjon i Noreg.
– Dette er eit alvorleg funn, seier Dag­Ragnar Blystad og Zhibo Hamborg, som arbeider med plantevirus i NIBIO.
– Vi fann også frø med tomatmosaikkvirus. Sjølv om dette viruset ikkje er ein karanteneskadegjerar gir det store skader på plantene. Begge sjukdomane smittar lett ved kontakt. Dermed vil sjølv ein låg smitteprosent i eit veksthus vere alvorleg.
Sjølv om funnet av «potato spindle tuber viroid» ikkje er gjort i frø seld til profesjonelle tomatdyrka­ rar, må vi ta funnet alvorleg. Det er dokumentert at tomatfrø var testa for viroidet før dei vart importert til Noreg. Dette tyder på at dagens testing av frø før sal ikkje er god nok.
Foto: Silje Kvist Simonsen
 Formål:
Samarbeid: Finansiering:
Kontakt:
Undersøke kva slags framande skadeorganismar som følger med importerte planter og frø, og skape eit kunnskapsgrunnlag for å kunne utvikle eit effektivt forvaltingssystem for import av planter og frø.
Sverige landbruksuniversitet Norges forskningsråd
Forskar Martin Pettersson. E-post: martin.pettersson@nibio.no, telefon: 908 70 706. Divisjon for bioteknologi og plantehelse
 21

















































































   21   22   23   24   25