Page 10 - Forskningsetikk 2-2022
P. 10

 HeLa-celler
Cellelinja HeLa danna grunnlag for ei rekkje store medisinske gjennombrot, men har også etisk problematiske sider. Ein celleprøve frå Henrietta Lacks (HeLa) blei brukt i forsking utan samtykke i 1951, same året som ho døydde av kreft.
Fleire titals tonn med HeLa-celler har blitt dyrka fram sidan den gong, ifølgje boka «Henrietta Lacks' udødelige liv» frå 2010.
  Omsynet til sjølvråderett og integritet – og dermed kravet til frivillig, informert samtykke – står sterkt når folk tek direkte del med kroppen sin, for eksempel i klinisk forsking. Dei har også rett til å trekke seg utan at forskarane verken kan kommentere eller stille spørsmål ved det.
For biobankar har argumentet vore at omsyn til sjølvråderett og integritet ikkje gjer seg gjeldande heilt på same måten. Her er det først og fremst vern om og råderett over sensitiv informasjon som står sterkt. Ein har vore særleg merksam mot forsking på genetikk.
Verken person eller ting
Ny uro oppstår når forskarane ikkje lenger berre jobbar med data frå det biologiske materialet eller dyrkar enkle cellelinjer. Stamcelle­ og organoidforskinga handlar
Lever-organoid på brikke blir undersøkte i mikroskop ved Senter for hybridteknologi ved UiO. Foto: Justyna Stokowiec
nemleg om stadig meir avanserte dyrkingsprosjekt.
Materiale som har blitt fjerna frå kroppen, blir på sett og vis kroppsleggjord på nytt – utanfor den opphavlege kroppen.
I Hybrida­prosjektet blir dette skildra som eit konseptuelt problem: Organoid er verken personar eller ting, og passar difor ikkje inn i todelinga vi vanlegvis bruker for å forstå verda. Dette skaper problem for både forståinga, etikken og jussen.
Fleire greiner av organoidforskinga blir dessutan oppfatta som kontroversielle. Det gjeld mellom anna forsøk med å dyrke fram kjønnsceller, embryo­liknande strukturar, hjerne­organoid (kan dei få medvit?) og blandingar mellom dyr og menneske.
Er systema, reglane og retningslinjene vi har i dag, rigga for å handtere utviklinga?
Organ på brikke
Ved Senter for hybridteknologi, som er eit senter for framragende forsking (SFF) ved Universitetet i Oslo dyrkar forskarane ganske ukontroversielle organoid eller organ på brikke. Cellene er kjøpte frå kommersielle aktørar i USA og Stor­ britannia.
Aleksandra Aizenshtadt er ein av forskarane som jobbar med organ på brikke ved Senter for hybridteknologi. Ho fortel at dei vanlegvis ikkje ser spesifikke samtykkeskjema eller kjenner alle detaljane i informasjonen opphavs­ personane har fått. Dette er biobankane sitt ansvar, seier ho.
– Vi signerer ein avtale om overføring av materialet. Avtalen spesifiserer kva vi kan bruke cellene til, forklarer ho.
Aizenshtadt trur ikkje opphavsperso­ nane har fått spesifikk informasjon om at cellene kan bli brukte til å dyrke organoid. Derimot har dei fått vite at cellene kan bli dyrka til ulike celletypar i laboratorium, og at dei kan bli delte med andre forskarar og kommersielle partnarar.
– Dermed er dei informerte. Organoid er ein måte å dyrke celler på, seier Aizen­ shtadt.
Manglar kompleksitet
Professor Krauss tek del i Hybrida­ prosjektet. Han understrekar at organoida som blir dyrka fram på senteret, er milevis unna kompleksiteten til eit verkeleg organ.
– Det er små strukturar, så små at nokre av dei ikkje kan sjåast med berre auga. Dei inneheld på det meste nokre få tusen celler, fortel han.
Brikke­delen av forskinga handlar om
å byggje eit slags hus for cellene. Som oftast er dette ein mikroskop­slide med kanalar for sirkulasjon. Slik kan ein mellom anna etterlikne ulike typar barrierefunksjonar
i kroppen.
– Første organ på brikke var ein lunge­ modell. To ulike cellelinjer på kvar si side av ein membran var ei enkel etterlikning etter alveolane i lungene. Ei ekte lunge har over 50 ulike typar celler, seier Krauss.
Forskarane ved senteret ser spesielt på lever og cellegrupper i bukspyttkjertelen som produserer insulin. Det overordna målet er å lage organoid og organoid på brikke som blir stadig betre til å etterlikne originalane.
To retningar
Det er to hovudretningar for organoidfor­ skinga i dag, ifølgje Krauss. Den første er mogelegheitene for å teste medisin og behandling. Her skjer det allereie mykje, for eksempel retta mot persontilpassa behandling av kreft.
Den andre retninga er mindre utvikla og meir krevjande. Her handlar det om å dyrke fram celler, vev eller organoid som direkte kan brukast i pasientbehandling via transplantasjon. På dette området er det førebels få kliniske forsøk, men mykje meir kan vere på veg.
 10 FORSKNINGSETIKK | NR. 2 | 2022




































































   8   9   10   11   12