Page 9 - Forskningsetikk 2-2022
P. 9

sentrale for å kome dit, seier professor Stefan Krauss, leiar for Senter for hybrid­ teknologi ved Universitetet i Oslo (UiO).
Det store håpet er at stamceller og organoid kan bli viktige for testing av nye medisinar og behandlingar, og på lang sikt møte det skrikande behovet for celler,
vev og organ til transplantasjon.
Kjøper celler
Hovudregelen er at deltakarar i forsking må gi nytt samtykke dersom biologisk materiale frå biobankar skal nyttast i nye typar prosjekt. Ein biobank er ei samling
av biologisk materiale.
Verda over praktiserer forskarar no
omfattande unntak frå denne hovudrege­ len. Folk som likevel skulle finne ut at deira biologiske materiale er på vandring, har ikkje rett til å stanse bruken.
Unntaka frå nytt samtykke og tilbake­ trekking gjeld dersom det biologiske materialet er anonymisert, det vil seie utan opplysningar som kan identifisere opphavspersonen.
Unntaka gjeld også dersom materialet er tilverka og har blitt del av eit produkt. Typisk kan dette vere ei cellelinje – gene­ tisk like celler som blir formerte på laboratoria og har uavgrensa evne til å dele seg. Slike har vorte utvikla og forska på sidan 1950­åra.
Magasinet Forskningsetikk er ikkje kjent med at cellelinjer frå opphavsper­ sonar her i landet blir formidla kommer­ sielt, sjølv om regelverket opnar for det. Det er imidlertid gjort forsøk på kommer­ siell utnytting av norske biobankar.
Det som derimot er klart, er at fleire norske organoid­prosjekt kjøper celler frå biobankar i utlandet, gjerne frå USA eller Storbritannia. Utanlandske forskingsdel­ takarar har sjølvsagt like stort krav på vern som norske.
REK vurderer ikkje
I tillegg til unntaka frå samtykkekravet er gjeldande tolking her i landet at forsking på kommersielle cellelinjer ikkje fell inn under helseforskingslova. Difor er forskinga heller ikkje underlagt krav om godkjenning frå Regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK).
– Forsking på kommersielt kjøpte cellelinjer vurderer vi ikkje, stadfestar Jacob Hølen, sekretariatsleiar i REK sør­øst.
Han meiner det er viktig å formidle til donor at når ei cellelinje er etablert, vil ikkje vedkomande ha rettar knytte til cellene lenger. Studiar som faktisk haustar celler for å etablere cellelinjer eller orga­ noid, må derimot gjennom vurdering
i REK.
– Vidare arbeid i reagensrøyr eller
laboratorieskåler involverer eller påverkar ikkje deltakarane direkte, så då er det ikkje naudsynt med REK­godkjenning, seier Hølen.
Det er altså lite kontroll med kva slags samtykke som ligg bak kommersielt kjøpte celler, og om forskarane sin bruk er i tråd med dette.
– Så vidt eg veit, er det heller ingen andre land der forsking basert på kom­ mersielle cellelinjer må gjennom vurde­ ring eller godkjenning frå uavhengige etikk­komitéer. Frå eit etisk synspunkt er dette problematisk, seier Søren Holm.
Han leier EU­prosjektet Hybrida, som handlar om regulering av forsking på organoid. Holm er professor i bioetikk ved Senter for medisinsk etikk (SME) ved
Vi leitar etter nye metodar for folk som sårt treng behandling.
Stefan Krauss
Universitetet i Oslo og School of Social Sciences ved University of Manchester i Storbritannia.
Lang debatt
Enkelte synest kanskje det er greitt å gi frå seg heile kontrollen over biologisk materiale til forskarar. Andre vil intuitivt vente eigarskap og råderett når dei seier ja til at deira materiale kan bli forska på.
– Litt eldre cellelinjer er spesielt proble­ matiske. Dersom nokon gav sitt samtykke for 10 år sidan, kan det vere uklart om det opphavlege samtykket også dekkjer dagens forsking på organoid, seier Holm.
Han trur det er rett å gå ut frå at det finst mange organoid på laboratorium rundt om i verda, inkludert i Noreg, utan at opphavspersonane nokon gong blei informert om slik bruk.
– Forskinga på stamceller og organoid aktualiserer og forsterkar etiske diskusjo­ nar som har gått føre seg i fleire tiår i samband med biobankar. Problematikken går heilt tilbake til den første vellykka humane cellelinja, HeLa, seier Holm (sjå faktaboks).
Grenser for råderett
For biobankar har det vorte opna for breie samtykke i staden for spesifikke. Deltaka­ rar seier ja til at materialet kan brukast i breitt definert forsking, for eksempel «kreftforsking». Dette gir stort handlings­ rom og har vore omdiskutert.
Her i landet er det rett nok krav om at deltakarar som har gitt breitt samtykke, skal ha tilgang til jamne oppdateringar om kva materialet blir brukt til.
  FORSKNINGSETIKK | NR. 2 | 2022 9
  – Stadig fleire forskarkollegaer arbeider med organoidar, seier Stefan Krauss, professor ved UiO. Foto: OUS
– Vi må diskutere dei etiske problemstil- lingane på dette feltet, seier Søren Holm, professor og leiar for EU-prosjektet Hybrida. Foto: University of Manchester
 SERIE: STAMCELLEFORSKING. DEL 3 AV 4
 





























































   7   8   9   10   11