Page 8 - Forskningsetikk 2-2022
P. 8

Våre ukjende lab-kroppar Tenk deg at celler frå deg blir formerte verda rundt og dyrka til stadig meir avanserte, levande
klumpar. Det heile utanfor din kontroll. TEKST KRISTIN S. GRØNLI
  Hjerne-organoid dyrka frå ulike cellelinjer i eit prosjekt i Tyskland. Organoida utvikla anlegg til auge. Foto: Elke Gabriel
Nei, dette er ikkje science fiction eller berre eit sært eksempel frå medisinsk historie. Det har blitt vanleg med kjøp og sal av celler til for­ sking, og med kommersielt tilgjengelege celler kan forskarar jobbe på denne måten.
Dermed kan folk som gir materiale til forsking, få mengder av fråkopla utvekstar på ymse laboratorium. Spesielt dersom dei ein eller annan gong har sagt ja til at biologisk materiale kan bli delt med forskarar i helseindustrien.
Det overordna målet er ny medisinsk behandling. Spørsmålet er om forskings­ etikken heng med i svingane.
Bruken aukar
Bruken av biologisk materiale frå for­ skingsdeltakarar har utvida seg i takt med stamcelleforskinga. Spesielt gjeld dette forsking som tek i bruk induserte pluripo­ tente stamceller (iPS­celler). Dei kan bli til alle typar celler i kroppen.
Motsett kan ein også bruke alle slags celler for å lage iPS­celler. Forskarar treng difor ikkje meir enn ei hudcelle for å kunne dyrke fram alt frå hjerneceller til muskelceller.
iPS­celler er dessutan eit vanleg ut­ gangspunkt for å dyrke organoid. Dette er små, tredimensjonale kulturar som er stimulerte til å utvikle seg likt organ. Vi kan tenke på dei som reproduksjonar av måten organa i kroppen utviklar seg og fungerer på.
– Veldig mange kronisk sjuke pasientar kan vi ikkje kurere i dag. Vi leitar etter nye metodar for folk som sårt treng behand­ ling. Stamceller og organoid kan vere
8 FORSKNINGSETIKK | NR. 2 | 2022























































































   6   7   8   9   10