Page 11 - Forskningsetikk 2-2022
P. 11

– På veldig lang sikt er håpet å kunne gjere noko med det store behovet for organ til transplantasjon. Når vi har tru på å kunne levere produkt som dekkjer viktige medisinske behov, blir spørsmålet korleis vi kan få etiske hjørnesteinar på plass så vi kan kome oss dit, seier Krauss.
Han erkjenner at det er ei kontaktflate mellom avgjerande etiske spørsmål og organoid med ein viss kompleksitet.
Skremmande metaforar
Christine Mummery er professor i utviklingsbiologi ved Leiden University Medical Center i Nederland. Ho har tidlegare vore leiar for International Society of Stem Cell Research (ISSCR), som mellom anna lagar dei internasjonale retningslinjene på feltet. Ho står framleis tett på dette arbeidet, og tek del i Hybrida.
Mummery meiner bruken av metaforar har gjort enkelte engstelege. Organoid er ikkje mini­hjarte, mini­hjernar eller mini­lunger, slik dei ofte blir omtala. På same måten som Krauss og Aizenshtadt understrekar ho at organoida manglar organa sin kompleksitet.
Feltet har likevel sine eigne etiske problemstillingar. For eksempel rundt mogelegheita for å lage kjønnsceller og få til befruktning, som ein allereie har klart å få til hos mus. Eller blastoid, som etterliknar delar av tidlege stadium for pattedyr­embryo.
– Her er det klare grenser i både lov­ verk og internasjonale etiske retningslin­ jer. Forskarar kan ikkje sette slikt i ei livmor og lage babyar av det. Denne typen avgrensingar gir folk eit tilstrekkeleg vern, meiner Mummery.
Tid og pengar
Det kan koste rundt 10 millionar kroner å lage ei god cellelinje, ifølgje Mummery. Dersom opphavspersonen skal kunne trekke seg når som helst, trur ho det vil sette ein stoppar for forskinga.
– Ingen vil vere villige til å ta sjansen på å tape så mykje pengar. Vi må ikkje drepe feltet ved å overregulere det. Det ikkje er ønskeleg å gå attende til ei mengd med relativt nyttelause studiar på mus, seier ho.
Dessutan trur ho ikkje det er praktisk mogeleg at opphavspersonane skal kunne trekke materialet sitt tilbake. Dersom det blir etablert ei vellukka cellelinje, vil ho nemleg bli delt med laboratorium rundt heile verda.
– Kven skulle så ta på seg ansvaret for å øydelegge alt dette? Det vil koste tid og pengar. Og kva skjer om eit institutt eller ei forskargruppe nektar å øydelegge det dei har investert tid og pengar i?
Mummery fryktar også omfattande byråkratisering. Å søke godkjenning for alle forsøk med iPS­celler, ville kravd opp mot 20 000 handsamingar frå etikk­ komiteane i Nederland kvart år, seier ho.
– Vi har klart å unngå ei lovendring som ville gjort dette obligatorisk.
Nye typar tilbaketrekking
Holm ved SME erkjenner at spørsmålet om tilbaketrekking er veldig komplisert. Han er open for at vilkårslaus og umiddel­ bar tilbaketrekking kan bli for vanskeleg.
På den andre sida: Tankane vi har om tilbaketrekking, er utvikla for klinisk forsking. Det er ikkje sikkert at tilbake­ trekking frå biobankar eller forsking på cellelinjer treng å vere heilt som det er der.
– Kanskje vi kan argumentere for at forskarar eller ein etisk komité kan ta kontakt, skrive til deg og fortelje om konsekvensane dersom du trekker deg. Om du likevel vil trekke deg, så får du det, seier Holm.
Og kva om tilbaketrekkinga ikkje treng å ha umiddelbar effekt, men heller kan
fungere slik at cellene ikkje blir tekne i bruk i nye prosjekt?
– Det er praktisk mogeleg å finne løysingar, sidan all overføring av denne typen materiale blir registrert gjennom overføringsavtalar, seier Holm.
Legitime interesser
Ein føresetnad er likevel at opphavsperso­ nane får god informasjon om kva cellene deira blir brukte til.
Ein stor del av forskarane på feltet argumenterer for at ein heller berre skal godta dei breie samtykka som typiske for dette området, fortel Holm.
– For denne gruppa er ikkje problemet med at folk kanskje ikkje visste kva dei sa ja til, alvorleg nok til at vi må gjere noko med det.
Andre aktørar på feltet meiner ein må kome opp med nye modellar for samtyk­ ke. Ei tredje løysing kan vere å få etiske komitear på banen. I norsk samanheng kunne REK­systemet handsama prosjekt som ikkje blir handsama i dag.
– Mi personlege oppfatning er at folk som donerer cellene sine, ofte har heilt legitime interesser i å kunne kontrollere kva cellelinjene blir brukte til i framtida. Dei kan også ha heilt legitime grunnar til å ville trekke seg. Vi må finne ein modell som gjer dette mogeleg, seier Holm.
   – Det er ein del usemje mellom etikarar og forskarar som dyrkar organoid, om krava til samtykke, seier Christine Mummery. Foto: Elisabetta Citterio
FORSKNINGSETIKK | NR. 2 | 2022 11
 SERIE: STAMCELLEFORSKING. DEL 3 AV 4
Hybrida
• Treårig EU-prosjekt som høyrer til under programmet Science with and for Society i Horizon2020.
• Prosjektet er koordinert frå Universitetet i Oslo.
• Hovudmålet er utvikle eit dekkande regulatorisk rammeverk for organoid- forsking og organoid-relatert teknologi.
• Gjennom prosjektet skal ein også utvikle og betre retningslinjer for forskarar.
 































































   9   10   11   12   13