Page 13 - Forskningsetikk 2-2022
P. 13

I 2020 frårådde Verdas helseorganisasjon (WHO) bruken av medikamentet hydroxychlo- roquine mot covid-19. Rådet var mellom anna basert på to studiar frå selskapet Surgisphere, som seinare viste seg å byggje på falske datasett. Seinare same år vart studiane trekte tilbake. Foto: AFP
– Problemet er omfattande, og vi ser ofte at falske studiar må trekkjast tilbake etter publisering. Klarer vi å hindre at slike studiar kjem på trykk, vil det både auke tilliten til forskinga og spare forlag og tidsskrift for mykje unødvendig arbeid, seier van Rossum.
Adam Day i forlagshuset SAGE Publishing har jobba mykje med data­ analyse for å avdekkje uærleg forsking. Han meiner at STM Integrity Hub er den kjappaste og enklaste måten å gjere dette på.
– Prinsippet er enkelt: Forleggjarane tar dataa sine og deler dei med hub, som er ein nøytral tredjepart. Huben gjer så den analysen som trengst for å avdekkje uærlegdom, forklarer han.
Det som ikkje er enkelt, er dei juri­ diske, etiske og tekniske kontrollane som trengst for å behandle dataa på ein ansvarleg og effektiv måte, legg han til.
Ventar raske resultat
Day meiner at potensialet er stort.
– Når vi ser ei så entusiastisk delta­
king blant forleggjarar av alle former og storleikar, inkludert dei mest velrenom­ merte, er eg sikker på at vi vil sjå raske resultat.
Realistisk sett trur han likevel at det vil ta tid før eit såpass stort initiativ vil oppnå det fulle potensialet.
I tillegg understrekar han at også fleire aktørar har eit ansvar:
– Mange uttrykkjer at forlaga bør fungere som eit slags politi for forskings­ litteraturen. Det er absolutt sant at vi har ei plikt overfor lesarane våre. Vi må streve etter å publisere nøyaktig og etisk forsking, seier han.
Samtidig kjem utgjevarar først til mot slutten av forskingsprosessen.
– Institusjonar og forskarar vil ofte ha enda større makt til å påverke ting enn vi har, seier Day.
– Ein kraftfull reiskap
Are Brean, sjefredaktør i Tidsskrift for Den norske legeforening, peikar på at det i dag blir jobba mot forskingsjuks på fleire frontar. Eitt eksempel er organisasjonen COPE (Committee on Publication Ethics), som har gått i bresjen for datadeling og for at alle studiar skal registrerast ved oppstart.
– Fleire organisasjonar har også e­postlister der redaktørar deler erfarin­ gar. Vi som primært publiserer norsk forsking, er mindre utsette for problem som papirmøller, men vi har stor nytte av å følgje med på det som skjer interna­ sjonalt, seier Brean.
Han samanliknar forskingsjuks med annan kriminalitet:
– Kriminelle nettverk forsøkjer heile tida å liggje eit hestehovud framfor, både i innovasjon og kreativitet. Skal ein slå tilbake, treng ein initiativ frå ulike hald. Det same gjeld forskingsjuks.
Brean viser til mengda av uærleg forsking som vi har sett under
covid 19­pandemien. Eit døme er Surgis­ phere­skandalen, der forskarar mellom anna hevda at korona­medisinar kunne vere dødelege. Han skildrar STM Integrity Hub som «eit veldig godt initiativ som kjem på heilt rett tidspunkt».
– Fleire av utgjevarane i STM har fleire hundre eller tusen tidsskrift. Når dei kjem saman for å dele data og kunnskap og utvikle teknologi, kan ein få ein ganske kraftfull reiskap for å avsløre dobbelt­ publisering, papirmøller, fabrikkerte data og juks med forfattarskap.
Kan ta saker vidare
Huben kjempar mot sterke interesser. Ifølgje Joris van Rossum kan både karriere­ jag, sensur, kommersielle interesser og politisk og ideologisk påverknad gje grobotn for uærleg innhald i studiar.
– Vi kan vente oss eit kappløp med uærlege aktørar i tida framover, seier Joris van Rossum, direktør for forskingsintegritet i STM. Foto: STM
Kva kan så ein utgjevar som opplever svindelforsøk, gjere?
– Studien vil då bli avvist. I visse tilfelle, for eksempel ved alvorleg bilet­ manipulering, kan saka også takast vidare ved å varsle medforfattarar
og involverte institusjonar, seier
van Rossum.
Han viser til organisasjonane COPE og STM som begge har retningslinjer for korleis ein skal gå fram.
I 2022 er målet til STM Integrity Hub å få på plass ein prototype på teknologi som sjekkar artiklar for indikasjonar på at dei er publiserte av ei papirmølle. Informasjonen vil bli send til redaktø­ rane, som vurderer saka og avgjer kva som skal skje vidare. Teknologien skal lanserast i 2023.
Forleggjarar vil også snart få tilgang til eit verktøy som kan avdekkje proble­ matiske bilete og illustrasjonar, ifølgje van Rossum.
   FORSKNINGSETIKK | NR. 2 | 2022 13


































































   11   12   13   14   15