Page 12 - Forskningsetikk 2-2022
P. 12

 Skal oppdage juks før publisering
Avansert biletmanipulering og bestilling av ferdige forskingsartiklar: Det finst stadig nye måtar å jukse på. No tar forlag og tidsskrift grep.
Over 20 akademiske utgjevarar er med i det nystarta initiativet STM Integrity Hub. Plattforma har base
i Nederland, og målsetjinga er å stoppe uærlege studiar før dei blir publiserte.
– Vi ser fleire og fleire forsøk på svin­ del. Ofte nyttast avansert teknologi, for eksempel i biletmanipulering, og dette kan vere vanskeleg å oppdage, seier Joris van Rossum, STMs direktør for forskings­ integritet.
Huben skal leggje til rette for at ut­ gjevarane kan utveksle informasjon og utvikle rammeverk og standardar for teknologiske løysingar retta mot proble­ matikken.
Står sterkare saman
The International Association of Scienti­ fic, Tecnhnical and Medical Publishers (STM) er ein internasjonal samanslutnad av ulike forleggjarar og utgivarar. I desem­ ber 2021 vart plattforma STM Integrity Hub lansert, og i mai i år presenterte Rossum initiativet på World Conference on Research Integrity i Cape Town i Sør­Afrika.
TEKST SILJE PILEBERG
Det er medlemmene, deriblant British Medical Journal, Wiley og Elsevier, som skal finansiere initiativet, fortel Rossum i ein videosamtale.
– Saman kan vi meir effektivt bruke teknologi for å avsløre uærlegdom, og vi kan lære av kvarandre. For nokon av sakene vi jobbar med, er det også heilt nødvendig at vi samarbeider, til dømes for å oppdage det når same artikkel er send til fleire tidsskrift samtidig.
Verktøy må delast
Å sende same artikkel til fleire tidsskrift er ikkje lov, og når det likevel skjer, skaper det mykje unødvendig arbeid for tidsskrifta. Men fleire versjonar av same studie kan også vere eit symptom på noko enda meir alvorleg, nemleg såkalla papirmøller.
Papirmøller er selskap som produserer falske forskingsartiklar på bestilling og sender dei inn. Slik kan fagpersonar få namnet sitt på trykk i høgthengjande tidsskrift. Problemet er omfattande, og Magasinet Forskningsetikk har tidlegare skrive om arbeidet med å avsløre publika­ sjonar frå papirmøller i Kina.
– Utgivarar lagar verktøy for å møte desse utfordringane. Jobbar vi saman, kan vi dele verktøya. Vi må også sørgje for at store tidsskrift ikkje har fordelar overfor dei små, for då vil vi finne alle dei falske studiane i små tidsskrift, seier van Rossum.
Eit omfattande problem
Nettstaden Retraction Watch informerer om studiar som har blitt trekte tilbake etter publisering. Sidan starten i 2010 har databasen samla informasjon om rundt 35000 studiar: Nokon har hatt gode hensikter, men feila. I andre tilfelle er
det snakk om forskingsjuks.
Saman kan vi meir effektivt bruke teknologi for å avsløre uærlegdom.
Joris van Rossum
  12 FORSKNINGSETIKK | NR. 2 | 2022














































































   10   11   12   13   14