Page 12 - Forskningsetikk 3-2021
P. 12

Stamcelleforskar:
– Vi dyrkar ikkje menneske
Ei rekke forskarmiljø i utlandet vil dyrke menneske­embryo på laboratoriet i meir enn 14 dagar. Fram til no har dette vore ei definitiv grense.
TEKST KRISTIN S. GRØNLI
Ifleire tiår har forskarar verda over vore samde om å aldri la menneske-embryo utvikle seg i meir enn to veker på
laboratoriet. I fleire land, inkludert Noreg, er 14-dagarsregelen del av lovverket.
Den internasjonale foreininga for
stamcelleforsking (ISSCR) utviklar etiske retningslinjer for feltet. I mai i år fjerna
dei 14-dagarsregelen. Inga ny grense blei lagd inn.
Kor lenge det er greitt å dyrke embryo, bør vere opp til aktørane som gjennomfører den etiske godkjenninga av prosjekta, meiner ISSCR.
Første rapport om dyrking av embryo i meir enn 14 dagar er allereie ute. I tids- skriftet Nature 17. november viser ei gruppe frå Storbritannia og Tyskland korleis dei heldt eit embryo i live til eit stadium som svarar til 16–19 dagar etter befruktning.
Endringa har skapt debatt, og meiningane er delte.
ISSCR er eit sterkt organ. Lovverk og reguleringar varierer veldig frå land til land, og foreininga har fått stadig større tyngde når det gjeld etiske spørsmål rundt forsking på embryo.
– Det er ingen automatikk i at anbefa- lingar frå ISSCR blir til lovverk i Noreg, men ISSCR gir råd mange lyttar til. I land der denne grensa på 14 dagar ikkje er regulert ved lov, som i USA, er det sann- synleg at anbefalingane vil føre til endrin- gar i kor lenge ein forskar på embryo, seier Stine Hufthammer Indrelid, senior- rådgjevar i Bioteknologirådet.
I Noreg er det nesten ingen forskarar som jobbar med menneske-embryo på laboratoriet (sjå undersak). For å skjøne kva som eigentleg har skjedd, må vi til utlandet.
Vil løyse etiske problem
Nicolas Rivron leier ei forskargruppe i Austerrike. I 2018 var gruppa først ute med å lage eit blastoid. Dei brukte
   12
FORSKNINGSETIKK | NR. 3 | 2021
– Ein god definisjon på eit menneske-embryo er ei gruppe celler med full kapasitet til å forme ein person, seier Nicolas Rivron (ståande framme). Her er han saman med forskargruppa si ved Austrian Acacemy of Sciences. Foto: Sandra Schartel















































































   10   11   12   13   14