Page 13 - Forskningsetikk 3-2021
P. 13

   muse-stamceller som utgangspunkt. Ordet «blastoid» peikar på ordet
«blastocyst», eit veldig tidleg stadium av pattedyr-embryo. For mus blir blastocysten danna etter tre til fire dagar etter befrukt- ninga, for menneske fire til fem dagar.
Endinga -oid stammar frå gresk og betyr «noko som liknar». Noko som liknar på ein blastocyst, altså. Vi kjem tilbake til det.
– Diskusjonane om 14-dagarsregelen får ikkje fram at endringa er del av løysin- ga på dei etiske problema ved forsking på embryo, seier Rivron. Han arbeider ved Institute of Molecular Biotechnology ved Austrian Academy of Sciences.
Assistert befruktning
Prøverørsbehandling, eller assistert befruktning (IVF), som det heiter i dag, dukka opp på 1970-talet. Dette var kontroversielt i starten. Mange hadde vanskeleg for å godta at forskarar og behandlarar skulle manipulere sjølve spiren til mennesket i labskåler.
Trass i at det første prøverørsbarnet her i landet kom til verda i 1983, hadde vi forbod mot forsking på embryo heilt fram til 2008.
Den norske helsetenesta sitt tilbod om assistert befrukting hadde altså vorte utvikla gjennom forsking gjord i andre land.
I dag blir 4–5 prosent av norske barn fødde etter IVF.
14-dagarsgrensa dukka først opp i USA i 1979, i ein rapport om IVF frå etikkpa- nelet til det amerikanske helsedeparte- mentet. Her stilte dei seg positive til forsking på humane embryo.
Ein føresetnad var at embryo i labskåler ikkje skulle haldast i live for lenge. Panelet meinte grensa burde vere tida eit embryo brukar på å feste seg i ei livmor – nemleg 14 dagar.
Seinare er fleire argument komne til, som at dette er tidspunktet for danninga av den såkalla primitivstreken. For embryoet markerer han starten på danninga av organ, vev og sentralnerve- system.
Dyrkar miniorgan
Rundt årtusenskiftet blei stamcelle- forsking viktig. Stamceller frå embryo vart ettertrakta forskingsobjekt, og på nytt blei
Stine Hufthammer Indrelid er seniorrådgjevar i Bioteknologirådet. Foto: Bioteknologirådet
det debatt rundt forsking på menneske- embryo.
Debatten roa seg igjen etter 2006. Då viste japanaren Shinya Yamanaka korleis det er mogeleg å omprogrammere alle slags celler til å bli som embryonale stamceller, og behovet for celler frå embryo avtok.
Dei omprogrammerte cellene, kalla IPS-celler, ga forskarar ei eineståande mogelegheit til å dyrke fram ulike typar menneskeleg vev. Det har resultert i miniversjonar av så å seie alle organa i ein menneskekropp, til og med små hjernar.
Miniorgana blir kalla organoid, og dei blir mellom anna brukte til å forstå korleis eit menneske utviklar seg, korleis sjukdom utviklar seg, og til å teste medisinar og andre miljøfaktorar.
Etterliknar menneske­embryo
Då er vi endeleg framme ved blastoida til Rivron. Dei siste åra har fleire forskar- grupper brukt både IPS-celler og embryo- nale stamceller til å dyrke fram embryo- liknande strukturar. Dei har fått namnet embryoid eller kunstige embryo.
Dei blir også kalla embryomodellar, sidan idéen nettopp er å bruke dei på laboratoriet til å modellere prosessane som skjer i eit «ekte» embryo.
Rivron skapte det første blastoidet, basert på stamceller frå mus. Fleire grupper, inkludert Rivron si, arbeider no med å lage blastoid frå menneske-stamceller. Gruppa til Rivron er éi av seks i verda som har rapportert om forsøk med slike modellar i år.
Filosof Anna Smajdor ved UiO meiner filosofar og etikarar bør hjelpe forskarar med å tenke rundt årsakene til at dei gjer det dei gjer. Foto: privat
I Austerrike er det ikkje lov å forske på menneske-embryo, men embryoid er juridisk sett ikkje embryo, og fell utanfor dette forbodet.
Rivron legg vekt på at embryomodel- lane førebels er ekstremt forskjellige frå embryo som er laga på gamlemåten, med egg- og sædcelle. Ulikskapane handlar både om genuttrykk og utviklingspoten- sial.
– Embryoid kan ikkje danne organismar. Vi dyrkar ikkje menneske.
– Kan embryoid få potensial til å danne organismar i framtida, etter kvart som modellane blir meir og meir like embryo?
– Kanskje. Men det kan ta 50 år. I mellomtida bør vi vere realistiske når vi snakkar om kva desse strukturane er.
Løyndomane før ultralyd
Kor gode dei stamcellebaserte humane embrymodellane er, vil bli ein stor diskusjon, trur Rivron. Samanlikning av embryo og embryomodellar kan gi svar.
Håpet er å fylle nokre av kunnskaps- hola om korleis eit embryo utviklar seg. Det er stadia etter 14 dagar og fram til embryoet blir synleg på ultralyd, altså rundt veke 5 eller 6, som held best på løyndomane sine.
Rivron meiner forsking på ei avgrensa mengd embryo i meir enn 14 dagar er forsvarleg. Argumentet er at dette i sin tur vil avgrense behovet for å bruke «ekte» embryo til forsking.
– Slik kan vi løyse dei etiske utfordrin- gane knytte til å forske på embryo. Akkurat som IPS-cellene er blastoid eit etisk
 FORSKNINGSETIKK | NR. 3 | 2021 13
 SERIE: STAMCELLEFORSKING. DEL 1 AV 4































































   11   12   13   14   15