Page 15 - Forskningsetikk 3-2021
P. 15

riske prosessane. Det kan få innverknad på vår evne til å behandle alle menneske- embryo med respekt, seier ho.
Ikkje skummel sci-fi
Rivron har vore sterkt involvert i diskusjo- nane bak endringane i retningslinjene til ISSCR. Han er oppgitt over at det viktige forskingsetiske arbeidet rundt embryo- modellane har hamna i skuggen av endringa i 14-dagarsregelen.
– I den nye versjonen av retningslinjene er det etablert reglar for forsking på humane embryomodellar. For eksempel har vi slått fast at dei aldri skal bli sette inn i ei livmor, fortel han.
Rivron seier også at ISSCR eigentleg ikkje har fjerna 14-dagarsregelen, sidan den vitskaplege foreininga berre har ein rådgjevande funksjon. Den reelle makta ligg på nasjonalt nivå.
– Haldningar til forsking på embryo heng saman med kultur. Nokre stader får embryoet ein moralsk status ved befruk- ting, i andre kulturar kjem ikkje den moralske statusen før mykje seinare. Ved å ta ut 14-dagarsregelen frå retningslinjene ønskjer ISSCR å omfamne denne variasjonen, seier han.
Rivron er ikkje uroleg for at utviklinga vil føre til mindre respekt for menneske- embryoet.
– Vi bør ikkje fokusere på skumle science-fiction-scenario når vi har så mykje viktig forsking å gjere, seier han.
Samtidig er han tydeleg på at forskarar må ta etikken på alvor heile vegen, og vere bevisste på risiko.
– Eg tek dette ansvaret veldig alvorleg. Mitt største skrekkscenario er at juridiske og regulatoriske aktørar forbyr denne forskinga fordi dei ikkje forstår ho,
seier Rivron.
Planlegg embryoid­forsking
Også i Noreg har forsking på embryoid gått raskare enn lovreguleringa av forsking på embryo er blitt oppdatert.
I 2018 etterlyste Bioteknologirådet ei klargjering av regelverket rundt forsking på det dei kalla syntetiske menneskelege einingar med embryoliknande trekk.
– Lova regulerer bruk av embryonale stamceller og embryo framstilte ved kloning, men det er usikkert om lova tek høgde for desse nye metodane, seier Indrelid i Bioteknologirådet.
Prosjekt av denne typen er allereie på veg, men har førebels ikkje vore gjennom den naudsynte prosessen med etisk godkjenning.
– Vi planlegg mellom anna å jobbe med blastoid, seier Gareth Sullivan, senior- forskar ved Oslo universitetssykehus (OUS) og forskar ved Institutt for medisinske basalfag ved UiO.
Bioteknologisk dilemma
Det er uvisst om Noreg kjem til å følge etter ISSCR og opne for ei utviding av 14-dagarsgrensa. Bioteknologirådet meiner tida nok ein gong er moden for å diskutere både nytta og dei etiske utfordringane med forsking på byrjinga av livet.
Kunnskapen som kjem ut av forsking som held liv i embryo utover 14 dagar, kan Noreg få nytte av. Difor er det også proble- matiske sider ved å oppretthalde grensa her til lands, forklarer Ole Frithjof Norheim i rådet sitt eige magasin GENIalt:
– Det blir eit dilemma for meg: Skal vi dra nytte av kunnskap og nye medisinske metodar som er utvikla med denne typen forsking i andre land, utan at vi sjølv tillet slik forsking? spør han.
   internasjonale forskingsarbeidet som går føre seg på feltet, er såpass viktig, seier ho. Endringa har ikkje praktisk viktigheit
for Indahl sjølv, sidan ho aldri nærmar seg denne grensa i forskinga si. Det norske lovverket slår dessutan fast at forsking på humane embryo må avsluttast etter
14 dagar.
– Det hadde kanskje vore fint dersom
ISSCR hadde sett ei ny grense. Eg trur forskarar treng tydelege reglar, seier Indahl.
Forskar på infertilitet
Hennar eiga forsking handlar om å kartlegge brytarar som skrur gen av og på i det befrukta egget. Ho har funne ein markør som ser ut til å vere viktig for at embryoet skal gjere dette på rette måten.
– Det kan vere relevant for infertilitet, seier ho.
Håpet er å bidra til å identifisere markørar som kan fortelje om eit embryo er levedyktig eller ikkje.
– Det er den store draumen, men det ligg langt fram i tid, seier Indahl.
– Det er veldig få som forskar på embryo i Noreg. Eg synest det er flott å få vere ein del av dette miljøet, seier forskar Marie Indahl ved OUS. Foto: Maria Vera Rodriguez
FORSKNINGSETIKK | NR. 3 | 2021 15
SERIE: STAMCELLEFORSKING. DEL 1 AV 4
  
































































   13   14   15   16   17