Page 14 - Forskningsetikk 3-2021
P. 14

 alternativ til å bruke humane embryo, argumenterer han.
– Vikarierande argument
Anna Smajdor er førsteamanuensis i filosofi ved UiO og arbeider mellom anna med dei etiske sidene ved forsking på embryo. Ho er kritisk til at argumenta for å heve 14-dagarsgrensa stort sett handlar om å løyse medisinske problem, som å hindre spontanabortar, problematisk graviditet, utviklingsfeil eller sjukdom.
– Ingen kan vite at desse problema vil bli løyste, sidan det er snakk om grunn- forsking, understrekar ho.
Smajdor veit ikkje om det er ein god eller dårleg idé å fjerne 14-dagarsgrensa, men trur ikkje ønsket om å fjerne grensa er basert på moralsk overtyding.
– Dette er eit vikarierande argument, seier ho.
I staden trur ho det handlar om kva forskarane er blitt i stand til å gjere reint teknisk. Det er nemleg først no forskarane faktisk kan klare å halde embryo i live på laboratoriet i meir enn 14 dagar.
Smajdor understrekar at den vitskape- lege prosessen ikkje nødvendigvis er ein moralsk godarta ting.
Humant blastoid dyrka fram av forskargruppa til Nicolas Rivron. Foto: Rivron Lab
– Vi har ein tendens til å forme dei moralske argumenta så dei passar med å opne for vidare forsking. Men det er vanskeleg å vite på førehand kor gunstige bestemte vitskapelege framsteg vil vere.
Ho meiner det er grunn til å vere på vakt for utviklinga.
– Forskarane kan fylle opp laboratoria sine med ei uendeleg mengde embryo- liknande strukturar som har blitt til utanfor dei vanlege juridiske og regulato-
   Etterlyser ny grense
Marie Indahl trur forskarar treng tydelege reglar. Ho er den einaste som regelmessig handterer menneske­embryo på forskingslab her i landet.
TEKST KRISTIN S. GRØNLI
– Det er ei ære å få lov til å forske på dette
dyrebare materialet, seier Marie Indahl. Ho er forskar og embryolog ved Oslo
universitetssykehus (OUS) og doktorgrads- student ved Universitetet i Oslo (UiO).
Dagleg hentar ho laboratorieskåler med befrukta egg frå klinikken ved Reproduk- sjonsmedisinsk avdeling ved OUS. Ho ber dei forsiktig over gangen til forskings- laboratoriet sitt.
– På ein vanleg dag hentar eg 2–3 over- talige embryo eller egg, fortel ho.
Fleire OUS-forskarar er involverte i prosjekta, men Indahl gjer mesteparten av det praktiske arbeidet.
I løpet av fem år har ho henta rundt 1000 egg og 700 embryo på klinikken. Ho fortel at det er veldig strenge reglar og rutinar for prosessen med donering og overlevering.
Donerer befrukta egg
For par som kjem til klinikken for assistert befruktning (IVF), blir det som regel nokre befrukta egg til overs. Para kan velje å donere desse til forsking. I Noreg er det berre klinikken ved OUS som gir denne mogelegheita.
Materialet blir til slutt kasta om det ikkje blir donert. Indahl får nesten berre
materiale som ikkje er av god nok kvalitet til å bruke i klinikken.
Inne på laben plasserer ho dei befrukta egga i ein inkubator, eit slags varmeskap.
– Eg held dei i live til dag 2 eller 3 i utviklinga medan eg studerer dei. Av og til fram til dag 6, fortel ho.
At den internasjonale foreininga for stamcelleforskning (ISSCR) har opna for forsking på embryo i meir enn 14 dagar, kan vere på sin plass, trur Indahl.
Treng tydelege reglar
– Dersom ein sikrar at dei etiske vurderin- gane er gode heile vegen, så kan denne endringa vere bra for forskarsamfunnet. Det
  14 FORSKNINGSETIKK | NR. 3 | 2021



































































   12   13   14   15   16