Page 21 - Forskningsetikk 1-2020
P. 21

utviklinga allereie er i gang. Ei materiell   proveniens eller ikkje, og det er gode folk   – Eg håper på det beste, men fryktar at
          vending har slått inn i fagfelta det siste   på begge sider av debatten, meiner Lied.  ein finn måtar å rydde dette unna på, ved
          tiåret, mellom anna fordi samlingar i   Munch Rasmussen er spent på korleis   å lære seg nokre frasar og obligatoriske
          aukande grad blir digitaliserte. Dermed   dette vil utvikle seg, og kva slags   knebøyingar. Dermed kan ein berre kan
          får forskarane større mogelegheiter til å     konsekvensar debatten vil få for   gå tilbake og gjere akkurat det same som
          lese manuskripta slik dei faktisk ser ut.    akademisk praksis.      ein alltid har gjort.
           – Dersom du reiser rundt i verda og
          spør den eldre generasjonen bibelforskarar,
          så vil du få vite at mange av dei aldri har
          sett eit manuskript – berre den publiserte
          teksten. Det er forståeleg, for dei står i
          lange fagtradisjonar der dette har vore
          vanleg, fortel Lied.

          Legenda om ei geit
          No ønsker Justnes og kollegaene også å ha
          eit kritisk perspektiv på opphavet til dei
          såkalla autentiske Dødehavsrullane. Ei
          geit som skal ha vist vegen til den første
          hola i 1946–47, har for eksempel fått altfor
          mykje å seie, og legenda om ho har bidratt
          til tåkelegging.
           Lied trur det kan vere lurt å vente med
          dei store konklusjonane til forskarane har
          fått betre oversikt over konsekvensane
          skiftet fører med seg.
           – Med jamne mellomrom endrar
          forskinga seg. Så går det seg litt til, og ein
          finn ut korleis ein kan takle endringane.
          Ein vil nok finne akseptable måtar å jobbe
          med mykje materiale på, men noko vil
          alltid vere problematisk. Å legge vekt på
          proveniens er heilt essensielt, seier ho.
           Proveniens er likevel ikkje den einaste
          utfordringa for tekstforskarane her, ifølge
          Lied. Dersom dei for eksempel ikkje kan
          studere jødiske tekstar frå antikken lenger,
          risikerer dei å sette den jødiske litterære
          arven til side. Stridspunktet er difor om
          ein skal godta å jobbe med materiale utan






                      Dødehavsrullane blei funne i 11 holer
                      nær Qumran på Vestbreidda, nordvest
                      for Dødehavet, på 1940- og 1950-talet.
                      Foto: AKG Images / NTB scanpix.

                                                                                  FORSKNINGSETIKK  |  NR. 1  |  2020  21
   16   17   18   19   20   21   22   23   24   25   26